Universitetsverksemd

• Helseforetak • NAV • BUFETAT

USN Profesjon. Eplelogo.

USN Profesjon er målområde 3 i utviklingsavtalen mellom universitetet og Kunnskapsdepartementet. USN Profesjon skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom universitetet og praksisfeltet. Ny, relevant og forskingsbasert kunnskap for profesjonen og profesjonsutdanninga skal utviklast gjennom samarbeidet.

 

Koplinga mellom universitetet og yrkesfeltet skal styrkast gjennom felles forskings-, utviklings- og innovasjonsverksemd (FoUI) og samarbeid om undervisning og studieaktivitetar, slik at studentane får tilbod om ei utdanning med heilskap og samanheng.

USN Profesjon skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom universitetet og praksisfeltet. USN vil, som en viktig del av USN Profesjon, leggje til rette for å etablere universitetsverksemder. Ein avtale om universitetsverksemd kjem i tillegg til og har eit meir omfattande samarbeidsfelt og fleire koplingspunkt enn dei ordinære praksisavtalane/partnarskapsavtalane som USN allereie har, og som framleis vil vere viktige.

USN og Nav har signert ei avtale som skal gjelde for dei neste fire åra. Her er Inger Anne Speilberg, direktør for Nav Vest-Viken, Terje Tønnessen, direktør for Nav Vestfold og Telemark, og Petter Aasen, rektor ved USN, samla på campus Vestfold.– Vi har eit overlappande samfunnsmandat

USN og Nav har signert ei avtale som skal gjelde for dei neste fire åra.

 

USN og universitetsverksemda skal etablere eit nært, likeverdig og forpliktande samarbeid med fokus på kjerneoppgåvene profesjonen har. Relevant og forskingsbasert kunnskap for profesjonen og profesjonsutdanninga skal utviklast gjennom samarbeidet.

Føremålet er å:

  • utvikle og styrke profesjonsutdanningane våre.
  • auke FoUIverksemda innanfor den respektive profesjonen og profesjonsutdanninga.
  • gjensidig kvalitetsutvikling for yrkesfeltet og USN.
  • stø opp om den faglege utviklinga i verksemda og kompetanseutviklinga av eige personale.
  • medverke til eit godt læringsmiljø der rettleiing og oppfølging av studentane i praksisstudia er sentralt.

Verksemda sitt samarbeid med USN om læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk, evaluering og skikkavurdering vil vere viktige element.