Kva kan Studentombodet hjelpe deg med?

Det kan vere mange grunnar til å trenge bistand i saker som gjeld eigen studiesituasjon, men det er ikkje alt Studentombodet kan bidra med. Under er ei oversikt over kva Studentombudet kan bidra med og kva Studentombodet ikkje kan gjere.

Kva kan Studentombodet gjere?

  • Lytte til bekymringar, problem og tvistar
  • Forklare regelverk, retningslinjer og prosedyrar
  • Gje råd om korleis du bør gå fram vidare i di sak
  • Vise deg til dei rette instansane
  • Lette kommunikasjonen og fremme dialog mellom partane i konflikten. Ombodet kan òg mekle i konfliktsaker om det er ønskeleg og hensiktsmessig
  • Hjelpe til med å finne ut av byråkratiske prosessar, som til dømes utforming av klage eller framgangsmåten i dugleikssaker
  • Følge opp saken din for deg
  • Anbefale endringar i USNs regelverk og prosedyrar for saksbehandling
  • Rapportere til USNs styre om større problemstillingar og tendensar

 

Kva kan Studentombodet ikkje gjere?

  • Ta avgjerder i saker eller endre USNs praksis
  • Ta parti eller bestemme utfall for ei sak
  • Fortelje nokon kva dei skal gjere (/bestemme over andre)
  • Fungere som ein advokat i juridiske prosedyrar, som til dømes erstatningssaker
  • Føreta undersøkingar uten at studenten ønsker det. Studentombodet har berre tilgang på dokumentasjon som ho enten har fått av studenten sjølv eller som er offentleg tilgjengeleg.
  • Skrive formelle klagar (men Studentombodet kan sjå gjennom det du har skrivet og gje forslag til betringar)