Mandat for Studentombodet

Mandat for Studentombodet ved Universitetet i Søraust-Noreg

  1. Studentombodet ved USN er ein frittståande instans som ikkje er underlagd nokon instruksjonsmyndigheit.
  2. Studentombodet ved USN har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp i saker der studentane har tatt opp eller ønsker/vurderer å ta opp forhold knytt til sin studiesituasjon. Studentombodet skal sjå til at sakene får ei forsvarleg og korrekt behandling, og at studentanes rettar blir tatt vare på.
  3. Studentombodet skal aktivt informere om sin funksjon til alle studentane ved USN, og gi nødvendig opplæring til studenttillitsvalde om studentanes rettar og plikter.
  4. Studentombodet ved USN er organisatorisk plassert i personalavdelinga ved USN. Det betyr at Studentombodet får ei mest mogleg uavhengig stilling overfor USN-organisasjonen rundt studenten for øvrig. Studentombodet har ikkje instruksjonsmyndigheit overfor einingane ved USN.
  5. Studentombodet skal bidra til at saker kan løysast nærmest der dei oppstår, det vil seie på lågast mulig nivå i organisasjonen. Ombodet har sjølv ikkje myndigheit til å avgjere saker, og er heller ikkje ein klage- eller ankeinstans for saker som er behandla og avgjort av andre einingar eller avgjerdsorgan ved USN.
  6. Studentombodet skal rapportere om si verksemd til rektor gjennom årlege rapportar. Desse skal legges fram som orienteringssak for Utval for utdanningskvalitet (UFU) og Universitetstyret. Rektor orienteres fortløpande om spesielt alvorlege saker, eller i saker av prinsipiell betyding
  7. Studentombodet kan på eiget initiativ fremme saker direkte til Universitetstyret eller andre organ med avgjerdsmyndigheit ved universitetet om nødvendig.
  8. Studentombodet mottek halvårlege rapportar om omfang på ulike typar saker behandla gjennom eit system for direkte tilbakemeldingar via internett.
  9. Studentombodet kan sjølv avgjere om ho/han vil hjelpe ein student i ei sak eller ikkje. Det skal alltid grunngis når Studentombodet avslår å bistå i ei sak, og avslaget kan ikkje klagast på.
  10. Studentombodet har berre innsyn i den enkelte saks dokument i den grad studenten det gjeld, har gitt samtykke til innsyn. Studentombodet har teieplikt etter Forvaltningslovas § 13 om alle forhold ho/han blir kjend med gjennom sitt virke.