Bachelor i folkedans
Vil du fordjupe deg i tradisjonsdans, og samstundes utvikle deg som utøvar, formidlar og kulturarbeidar? Her får du solid kompetanse i dans, musikk og kulturarv – i eit sterkt og unikt fag- og studiemiljø på campus Rauland.
Bachelor i folkedans
Du søker nå:
Rauland
Heltid
Lurt å ha klart før du går videre:
- Søkekode: 7522
Kopier koden så det blir lettere å finne igjen studiet i neste steg. Koden er kopiert
Søk opptak nå
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Utdanningstype: Bachelor -
Progresjon: Heltid -
Oppstart: Høst 2026 -
Studieopplegg: På campus -
Studiepoeng: 180 -
Søknadsfrist: 15.04.2026 -
Søkekode: 7522 -
Antall semester: 6 -
Undervisningsspråk: Norsk -
Antall studieplasser: 10
Kvifor bachelor i folkedans?
Du får høve til å kombinere tradisjon og nyskaping, og blir ein del av eit levande miljø med tett samarbeid mellom dansarar og folkemusikarar.
- Lær av nokre av dei fremste folkedansarane og pedagogane i landet.
- Utforsk estetikken i tradisjonsdansen og skap nye uttrykk.
- Delta på festivalar, framsyningar og internasjonale prosjekt.
- Bli del av eit inkluderande studentmiljø med konsertar, arbeidslivsretta undervisning og samarbeid på tvers av fagområde.
- Få tett kontakt med dansekompani og koreografar gjennom heile studiet.
- Er du både musikar og dansar legg vi til rette for at du kan utvikle deg i begge deler.
- Om du primært har erfaring frå andre dansesjangrar er du likevel velkomen til å søkje.
Les kva studentane seier: – Eit år vi ikkje vil gløyme (folkemusikk.no)
Dette lærer du
- Danseteknikk og tradisjonsrepertoar: Vi dykkar ned i danseteknikken og kjeldemateriale for tradisjonsdans.
- Kropp og helse: Skadeførebygging, trening, grunnleggande anatomi og ernæring.
- Musikk og rytme: Lyttekompetanse og samspelet mellom dansen og musikken.
- Opplæring og kulturarbeid: Førebuing til undervisning og kulturarbeid.
- Formidling: Koreografi, sceniske produksjonar og kreative prosjekt.
Deler av undervisninga er felles med studentane i folkemusikk og tradisjonskunst. Det er viktig å utvikle dansarar med god musikkforståing, og dersom du som student ønskjer å utvikle deg både som musikarar og dansar, blir det lagt til rette for det.
Gjennom studiet blir det fleire studieturar og du deltek du på festivalar, bransjetreff og fagseminar. Du møter dansekunstnarar, pedagogar, tradisjonsberarar, forskarar, idrettsfysiologar og fysioterapeutar.
Kva slags jobb får du?
Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til ulike arbeidsretninga som til dømes:
- Utøvande folkedansar.
- Formidling og scenisk arbeid.
- Dans som helseførebyggande arbeid.
- Pedagogisk arbeid i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule/ kulturskule/ Den kulturelle skulesekken.
- Museums- og arkivarbeid.
- Organisasjonsarbeid og kulturforvaltning.
- Forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid.
Det er 357 kommunar i Noreg, og alle desse burde ha minst ein innbyggar med ein bachelor i folkedans for å styrke den lokale dansearven og alt det den kan tilby eit lokalmiljø!
Stor etterpørsel etter dansarar med folkedanskompetanse
Dansekompania Frikar, Mamelukk og Kartellet har omlag tre premierer og 100 forestillingar årleg. I tillegg driv dei pedagogisk verksemd, og kan melde om stadig aukande etterspørsel om folkedanskompetanse frå fleire av dei store teatera. Dansekompania på feltet melder at dei manglar dansekunstnarar med tradisjonsdans som basis. Folkedansens har også begynt å få naturlege plass i førebyggande og behandlande helsearbeid.
Det finst jobbar, men manglar folkedansarar.
Sigurd Johan Heide, Kartellet

Som koreograf slit eg med å finne dansarar til dei forestillingane eg ønsker å skape. Markedet treng dansarar, og at det er stor interesse for event som baserar seg på norsk tradisjonsmateriale, særleg for eit internasjonalt publikum.
Silje Onstad Hålien, dansar og koreograf i dansekompaniet Mamelukk
Forskningen viser, at folkedans med levende musik og instruktion kan øge mental og fysisk sundhed hos unge udsatte og hos voksne med psykisk sygdom.
Fod på gulv
Sosialt studentmiljø
Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som dansekveldar, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, spikkeklubb, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub med dans og spel kvar onsdag. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus.
Rauland er ein av landets minste studentbyar, men også en av dei aller beste! Rauland er fleire år på rad kåra som ein av dei alle beste beste studiestadane, med førsteplass på studiemiljø og faglig kvalitet.
Studentum kårer landets beste studentbyer 2023
Skaff deg internasjonal erfaring
USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Andre internasjonale moglegheiter:
- Utveksling med nordiske og europeiske institusjonar.
- Deltaking i internasjonale prosjekt og festivalar.
- Utveksling med nordiske og europeiske institusjonar.
- Deltaking i internasjonale prosjekt og festivalar.
Vidare utdanningsmoglegheiter
Studiet gjev ferdigheiter og kunnskap som er aktuell for å kunne spesialisere seg vidare gjennom eit masterprosjekt i tradisjonskunst eller for vidare studiar innan dans, helseforebyggande arbeid, pedagogikk, koreografi, musikk, kulturstudiar m.m.
Etter fullført mastergrad er det også høve til å søkje om ph.d.. Det er også høve til å studere vidare på mastergradnivå på andre utdanningar innan dans, koreografi, musikk ved andre institusjonar. Studiet kvalifiserer til ulike praktisk-pedagogiske utdanningar.
Studieplan og emneplaner
Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.
Studieplan for 2026 høstStudiemodell
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og praktisk-kunstnarisk opptaksprøve (del 1 og del 2).
Viktige datoer for opptaket 2026
- 6. januar: søknadsfrist
- 12. januar 2026: Siste frist for ettersending/ opplasting av del 1 av opptaksprøva (motivasjonsbrev, video og cv)
- 16. januar 2026: Kvalifiserte søkere mottar innkalling til opptaksprøve del 2 i Oslo 30. januar eller Rauland (veke 7)
- 30. januar: Opptaksprøve del 2 under folkedansfestivalen «Dans Dans Dans» på Riksscenen i Oslo
- Veke 7: Opptaksprøve del 2 i Rauland i samband med Rauland Vinterfestival
- 10. mars: Søkjarar som har gjennomført opptaksprøve del 2 får svar på sin søknad
- 20. mars: Frist for å svare på tilbud i Søknadsweb.
Etter 12. januar gjeld følgjande datoer:
- 12. april: søknadsfrist
- 22. april: Siste frist for ettersending/ opplasting av del 1 av opptaksprøva (motivasjonsbrev, video og cv)
- 8. mai: Kvalifiserte søkere mottar innkalling til opptaksprøve del 2 (tid og sted kommer)
- Uke 21 (18.-22. mai): Opptaksprøve del 2 blir gjennomført
- 28. mai: Søkjarar som har gjennomført opptaksprøve del 2 får svar på sin søknad
- 4. juni: Frist for å svare på tilbud i Søknadsweb.
Når du søkjer må du gjere følgjande for å dokumentere opptaksprøve del 1:
- Skrive eit kort motivasjonsbrev der du skriv litt om kven du er og kva slags erfaring du har med dans.
- Vise eit eksempel på video der du dansar (gjerne ei lenke til youtube e.l.). Lenka kan stå i motivasjonsbrevet eller på eige dokument
- Laste opp CV/oversikt over utdanning, arbeid og anna relevant erfaring
Siste frist for å laste opp dette materialet er 12. januar.
Ut frå vurdering av opptaksprøva del 1 blir aktuelle søkarar kalle inn til opptaksprøve del 2. Opptaksprøve del 2 vil bli gjennomført i Oslo under folkedansfestivalen «Dans Dans Dans» på Riksscenen 30. januar og under Rauland Vinterfestivalen i veke 7. Du kan sjølv velje kven av datoene du ynskjer å møte på.
Opptaksprøve del 2 består av:
- Å delta på ein dansetime i gruppe
- Ei samtale og at søkar kan vise (2-5 minutt) av kva dei kan av dans (ein ta med partner om ein vil). For søkarar som både er musikarar og dansarar er det høve til å førebu både musikk og dans.