Bachelor i tradisjonskunst: tre-, metall- eller tekstilhandverk 2. studieår
Rauland - Heltid
Du som har generell studiekompetanse, og har fullført og bestått årsstudium i folkekunst eller tilsvarande, kan søke direkte til andre året og fullføre dei to siste åra i studieløpet.
-
Søknadsfrist: 15.04.2024
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Studienivå: Bachelor -
Progresjon: Heltid -
Studieretning: Opptak til 2. studieår -
Oppstart: Høst 2024 -
Studieopplegg: På campus -
Studiepoeng: 120 -
Søknadsfrist: 15.04.2024 -
Søkekode: 6519 -
Antall semester: 4 -
Undervisningsspråk: Norsk
Studieplan for opptak til 2. studieår
Søkar du opptak til 2. studieår vil du fylgje studiemodell frå kullet som starta høsten 2023.
Kvifor bachelor i tradisjonskunst?
Er du interessert i handverk, formgjeving og tradisjonar, kan du gjennom bachelor i tradisjonskunst fordjupe deg i dine interesser og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.
Studiet gjev deg praktisk og teoretisk innføring i tradisjonshandverk, formgjeving og tradisjonskunstens eigenart. Du vel å fordjupe deg i eitt av materialområda:
- Tre
- Metall
- Tekstil
- Instrumentmaking
Du får tett oppfølging gjennom alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste fagpersonane innan tradisjonskunstfeltet i Noreg og Norden.
Dette lærer du
Bachelorstudiet i tradisjonskunst: tre-, metall- eller tekstilhandverk inneheld ei brei innføring og vidare fordjuping i tradisjonskunst, innan eit av materialområda: tre, metall eller tekstil.
Kjerneområda i studiet er:
Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap:
- Praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping
- tradisjonelle handverksteknikkar og materialkunnskap
- utøving og skaping innan valt materialområde
- formidling og utstillingsarbeid
- tradisjonskunstens eigenart og formspråk
- materiell og immateriell kulturarv og deira gjensidige relasjon
Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv. Studiet fokuserar på ei heilskapleg forståing av:
- tradisjonskunst
- økologi
- samfunn
- etiske problemstillingar
Den utøvande/praktiske sida blir vektlagt. Studiet skal gje studenten innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Her vel du sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.
Kva slags jobb får du?
Studiet utdannar fagpersonar i tradisjonskunst for eit breitt kultur- og handverksfelt. Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til å arbeide i ei rekkje yrke:
- tradisjonskunstnar/handverkar med eiga bedrift
- formidling og pedagogisk arbeid
- forsking
- museums- og arkivarbeid
- kulturforvaltning på kommune- og fylkesplan
- organisasjonsarbeid
– Jeg merker at interessen for smykker med historiske røtter er økende, så jeg tror det er en god tid å satse på yrker som har rot i tradisjon og håndverk.
Sosialt studentmiljø
Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som danseklubb, spikkeklubb, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub kvar onsdag m.m. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus.
Vidare utdanningsmoglegheiter
Studiet kvalifiserer for opptak til master i tradisjonskunst og til andre kulturrelaterte masterstudium.
Med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) blir du kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, kulturskule, vidaregåande skule, folkehøgskule og for vaksenopplæring. Du kan også få godkjent eit år av bachelorgraden inn ei grunnskulelærarutdanning.
Har du allereie gjennomført to år med folkekunst og ynskjer å fullføre din bachelorgrad, kan du ta direkte kontakt med instituttet i Rauland på e-post.
Skaff deg internasjonal erfaring
USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Vi har også ulike internasjonale partnaravtaler som har relevante utvekslingstilbod for deg som student om du ønsker å fortsette på bachelorstudiet.
Opptakskrav
-
Generell studiekompetanse
- Fullført og bestått årsstudium innan folkekunst eller tilsvarande
Poenggrenser ved forrige opptak: