Bachelor i folkemusikk 2. studieår
Rauland - Heltid
Du som har generell studiekompetanse og har fullført og bestått årsenhet i folkemusikk eller tilsvarande kan søke direkte til 2. året og fullføre dei to siste åra i bachelorløpet.
-
Søknadsfrist: 15.04.2024
Studieinformasjon
-
Studiested: Rauland -
Studienivå: Bachelor -
Progresjon: Heltid -
Studieretning: Opptak til 2. studieår -
Oppstart: Høst 2024 -
Studieopplegg: På campus -
Studiepoeng: 180 -
Søknadsfrist: 15.04.2024 -
Søkekode: 6522 -
Antall semester: 4 -
Undervisningsspråk: Norsk
Studieplan for opptak til 2. studieår
Søkar du opptak til 2. studieår vil du fylgje studiemodell frå kullet som starta høsten 2022.
Kvifor bachelor i folkemusikk?
Er du interessert i musikk, dans og tradisjonar, kan du gjennom ein bachelor i folkemusikk fordjupe deg i dine interesser, og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.
Studiet i folkemusikk gjev deg mellom anna praktisk og teoretisk innføring i norske folkemusikktradisjonar, kulturhistoriske fag og musikkformidling, og utfordrar deg til kritisk tenking og refleksjon kring folkemusikken og -kulturen si rolle i samfunnet. Du får individuell undervisning på hovudinstrumentet alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste utøvarane og fagpersonane innan folkemusikk i Noreg og Norden.
Dette lærer du
Bachelorstudiet i folkemusikk inneheld ei brei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkemusikk og -dans. Kjerneområda i studiet er:
- Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap: praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping, utøving på hovudinstrument, biinstrument, dans og song, formidling og scenisk arbeid.
- Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv: musikkteori og analyse, kulturhistoriske fag, etnomusikologi, forsking og utviklingsarbeid.
Den utøvande/praktiske og formidlande sida blir vektlagt. Studiet skal gje studentane innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til folkemusikken, -dansen og tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Du velgjer sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.
Kva slags arbeid får du?
Studiet utdannar fagpersonar i folkemusikk for heile det breie kulturfeltet. Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til å arbeide i ei rekkje instansar: som utøvande kunstnar med eiga bedrift, med formidling og pedagogisk arbeid, forsking, museums- og arkivarbeid, i musikk-/kultur- og mediebransjen, med kulturforvaltning på kommune- og fylkesplan, i scene- og arrangørfeltet og med organisasjonsarbeid.
Kontakt med arbeidslivet
Kultursektoren er i rask endring. Vi har nær kontakt med feltet og legg til rette for at studentane får møte sentrale aktørar i kulturlivet som for eksempel:
- Frilansmusikarar/ -dansarar og tradisjonsberarar
- Den kulturelle skolesekken og skoleverket
- Ulike festivalar i Noreg
- Internasjonale festivalar og nettverk
- Arkiv og bibliotek
- Bransjetreff (Folkelarm)
- Kulturrådet
- Forskingsmiljø
- Lokalt næringsliv og innovasjon
- Organisasjonsfeltet
Studentane turnerer og spelar konsertar på ulike arenaer og festivalar i Noreg og i utlandet. På Campus Rauland kan du få arrangørerfaring under Vinterfestivalen, Vinterkappleiken og for Folkemusikkscena i Rauland. Dette gjev arbeidserfaring og nettverk som studentar seinare kan bruke i yrkeslivet.
Sosialt studentmiljø
Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som danseklubb, spikkeklubb, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub kvar onsdag m.m. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus.
Vidare utdanningsmoglegheiter
Studiet kvalifiserer for opptak til master i tradisjonskunst og til andre kulturrelaterte masterstudium.
Med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) blir du kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, kulturskule, vidaregåande skule, folkehøgskule og for vaksenopplæring. Du kan også få godkjent eit år av bachelorgraden inn ei grunnskulelærarutdanning.
Årsstudiet i musikk fra Vestfold eller årsstudiet i Blues fra Notodden kan inngå som eitt av tre år i bachelorgraden i folkemusikk.
Har du allereie gjennomført to år med folkekunst og ynskjer å fullføre din bachelorgrad, kan du ta direkte kontakt med instituttet i Rauland på e-post.
Skaff deg internasjonal erfaring
USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Vi har også ulike internasjonale partnaravtaler som har relevante utvekslingstilbod for deg som student om du ønsker å fortsette på bachelorstudiet.
Opptakskrav
-
Generell studiekompetanse
- Fullført og bestått årsenhet i folkemusikk eller tilsvarande
Poenggrenser ved forrige opptak: