Vis studievalg

Folkemusikk og tradisjonskunst

Ynskjer du å lære meir om folkemusikk og folkedans. Vil du spele og synge saman med andre eller arbeide med tradisjonelt handverk og design innan tre, metall eller tekstil?

Studia høver for deg som ynskjer å fordjupe deg innan eit utøvande fagområde og som kan tenkje deg å arbeide med folkemusikk, tradisjonelt handverk og/eller design i eit framtidig yrke. Høgskulen har gode verkstader for tre-, metall- og tekstilarbeid, spesialrom for musikk og eige lydstudio. Fleire av våre studentar har hatt gode resultat i konkurransar og utstillingar.