Bachelor i folkemusikk

Bachelor i folkemusikk

Studiet i folkemusikk gjev deg teoretisk og praktisk innføring i norske folkemusikktradisjonar. Du velgjer å fordjupe deg i song, dans eller i eit instrument som du sjølv, eller i samråd med faglærar, vel som ditt hovudinstrument.

Legg varsel i kalenderen min
Studienivå
Bachelor
Søknadsfrist
15.04.2018
Studiepoeng
180
Oppstart
Høst 2018

Kvifor velgje bachelor i folkemusikk?

På studiet bachelor i folkemusikk får du moglegheit til å velgje å fordjupe deg i song, dans eller i eit instrument som du sjølv, eller i samråd med faglærar, vel som ditt hovudinstrument.

Kva slags arbeid får du?

Du kan arbeide som utøvar innan folkemusikk, arbeide med undervisning i ulike skuleslag, som formidlar i kultursektoren eller du kan kombinere utøving med andre yrke.

Dette lærer du på bachelor i folkemusikk

På studiet blir det undervist i song og i tradisjonelle folkemusikkinstrument som hardingfele, fele, munnharpe, torader og fløyte. I tillegg kan også andre instrument vere aktuelle.

Folkemusikk 1. år: Du får innføring i norsk folkemusikk i heile si breidde gjennom fag som tradisjonskunnskap, folkemusikken og samfunnet, høyrelære og musikkteori. Du får individuell undervisning og lærer å spele i samspelgrupper.

Folkemusikk 2. år: Dette er eit påbyggingsstudium der du kan fordjupe deg i folkemusikken og bli i stand til å formidle denne. Du kan velgje mellom folkemusikkformidling eller utøving som hovudretning.

Folkemusikk 3. år: I det tredje studieåret skal du som student vidareutvikle ei sjølvstendig tilnærming til formidling og utøving av folkemusikk. Gjennom eit eige forskingsprosjekt/feltarbeid skal du tileigne deg røynsler og teoretisk kunnskap kring forsking og utviklingsproblematikk innan fagfeltet.

Folkemusikk 3 er sett saman av to 30 studiepoeng einingar:

  • Folkemusikk i Noreg og andre land
  • Bacheloroppgåve - avsluttande prosjekt

Skaff deg internasjonal erfaring

Du kan ta delar av bachelor i folkemusikk i utlandet. Å studera eller ta praksis i utlandet kan gje deg høve til å utvida den internasjonale kompetansen din, språkferdigheter, personlege eigenskapar og omstillingsevne. Det kan òg gjera deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden. Me har avtaler med utanlandske universitet, høgskular og praksisinstitusjonar tilpassa studiet ditt.

Moglegheiter for vidare utdanning

Studiet kvalifiserer for opptak til master i tradisjonskunst og til andre kulturrelaterte masterstudium.

Med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) blir du kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, for vidaregåande skule og for vaksenopplæring.

Har du allereie gjennomført to år folkemusikk og ynskjer å fullføre din bachelorgrad i folkemusikk, kan du ta direkte kontakt med instituttet i Rauland.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller god kunnskap innan fagområdet/utøvande kunstnar. (Kontakt høgskulen.)

Legg varsel i kalenderen min

Studieinformasjon


Heltid – Rauland

  • Undervisningsspråk: Norsk
  • Antall semester: 6
  • Antall studieplasser 5
  • Søkekode: 222 443
  • Opptakskrav Les mer om opptakskrav
Poenggrenser ved forrige opptak

Bli student
BLI STUDENT
Vi gir deg kunnskap for fremtiden!
studentbolig
STUDENTBOLIG
Studentsamskipnaden tilbyr boliger på alle våre campus
Våre campus
CAMPUS
Mer informasjon om våre studiesteder
Studentenes A-B-C
STUDENTENES ABC
Det du trenger å vite som ny student