Student Birgit med fela

Bachelor i folkemusikk

Vil du studere folkemusikk på universitetsnivå? På Campus Rauland ligg vår internasjonalt anerkjende og unike utdanning i norsk folkemusikk. Studiet trekkjer ikkje berre til seg studentar frå heile landet, men også frå heile verda!

Velg mellom

Du kan velgje mellom ordinært tilbod eller søke opptak til 2. studieår, velg under.

Studiested
Studieopplegg info

Hvor og hvordan undervisning gjennomføres i studiet.

Progresjon info

Forventet framdrift i studiet. Heltid er studier med full studieprogresjon (60 studiepoeng per år, 30 studiepoeng per semester). Deltid er studier med mindre enn full studieprogresjon (færre enn 60 studiepoeng per år eller 30 studiepoeng per semester).

Oppstart
Semester
Rauland
På campus
Heltid
Høst 2024
Rauland
På campus
Heltid
Høst 2024

Kvifor bachelor i folkemusikk?

Er du interessert i musikk, dans og tradisjonar, kan du gjennom ein bachelor i folkemusikk fordjupe deg i dine interesser, og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.

Studiet i folkemusikk gjev deg mellom anna praktisk og teoretisk innføring i norske folkemusikktradisjonar, kulturhistoriske fag og musikkformidling, og utfordrar deg til kritisk tenking og refleksjon kring folkemusikken og -kulturen si rolle i samfunnet. Du får individuell undervisning på hovudinstrumentet alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste utøvarane og fagpersonane innan folkemusikk i Noreg og Norden.

Dette lærer du

Bachelorstudiet i folkemusikk inneheld ei brei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkemusikk og -dans. Kjerneområda i studiet er: 

  • Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap:  praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping, utøving på hovudinstrument, biinstrument, dans og song, formidling og scenisk arbeid.
  • Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv: musikkteori og analyse, kulturhistoriske fag, etnomusikologi, forsking og utviklingsarbeid. 

Den utøvande/praktiske og formidlande sida blir vektlagt. Studiet skal gje studentane innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til folkemusikken, -dansen og tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Du velgjer sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.

 

 

Kva slags arbeid får du?

Studiet utdannar fagpersonar i folkemusikk for heile det breie kulturfeltet. Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til å arbeide i ei rekkje instansar: som utøvande kunstnar med eiga bedrift, med formidling og pedagogisk arbeid, forsking, museums- og arkivarbeid, i musikk-/kultur- og mediebransjen, med kulturforvaltning på kommune- og fylkesplan, i scene- og arrangørfeltet og med organisasjonsarbeid. 

 

Kontakt med arbeidslivet

Kultursektoren er i rask endring. Vi har nær kontakt med feltet og legg til rette for at studentane får møte sentrale aktørar i kulturlivet som for eksempel:  

  • Frilansmusikarar/ -dansarar og tradisjonsberarar
  • Den kulturelle skolesekken og skoleverket
  • Ulike festivalar i Noreg
  • Internasjonale festivalar og nettverk
  • Arkiv og bibliotek
  • Bransjetreff (Folkelarm)
  • Kulturrådet
  • Forskingsmiljø
  • Lokalt næringsliv og innovasjon
  • Organisasjonsfeltet

Studentane turnerer og spelar konsertar på ulike arenaer og festivalar i Noreg og i utlandet. På Campus Rauland kan du få arrangørerfaring under Vinterfestivalen, Vinterkappleiken og for Folkemusikkscena i Rauland. Dette gjev arbeidserfaring og nettverk som studentar seinare kan bruke i yrkeslivet.

Sosialt studentmiljø

Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som danseklubb, spikkeklubb, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub kvar onsdag m.m. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus. 

Studenter som danser på campus Rauland

Rauland, et studiested fylt med lidenskap, inspirasjon og et unikt studentmiljø

På campus Rauland dyrker USN-student Karianne interessene sine, mens vennskap gror tett på tvers av studieretninger og årskull.

Vidare utdanningsmoglegheiter

Studiet kvalifiserer for opptak til master i tradisjonskunst og til andre kulturrelaterte masterstudium.

Med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) blir du kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, kulturskule, vidaregåande skule, folkehøgskule og for vaksenopplæring. Du kan også få godkjent eit år av bachelorgraden inn ei grunnskulelærarutdanning.

Årsstudiet i musikk fra Vestfold eller årsstudiet i Blues fra Notodden kan inngå som eitt av tre år i bachelorgraden i folkemusikk.

Har du allereie gjennomført to år med folkekunst og ynskjer å fullføre din bachelorgrad, kan du ta direkte kontakt med instituttet i Rauland på e-post.

 

Skaff deg internasjonal erfaring

USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Vi har også ulike internasjonale partnaravtaler som har relevante utvekslingstilbod for deg som student om du ønsker å fortsette på bachelorstudiet. 

Instagrambilder frå campus Rauland