Innføring i norsk folkemusikk

Innføring i norsk folkemusikk

Ynskjer du vidareutdanning i folkemusikk?

Studienivå
Kortere studier
Søknadsfrist
01.06.2018
Studiepoeng
15
Oppstart
Høst 2018

Kvifor innføring i norsk folkemusikk?

I dette studiet får du auka din praktiske og teoretiske kunnskap om norsk folkemusikk og dans og om korleis du best kan bruke denne kunnskapen i grunnskolen. Du vil få arbeide med praktisk repertoar, bl.a. song og dans som kan nyttast i undervisninga.

Dette lærer du på innføring i norsk folkemusikk

Studiet gjev ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane slik dei er i dag og ein bakgrunn i dei historiske forholda som har skapt tradisjonane.

Gjennom praktisk tilnærming skal du oppleve, diskutere og prøve ut korleis ulike emne kan formidlast med tanke på kompetansemåla i musikkfaget. Stoff frå dei regionane som er relevante for studentane blir prioriterte.

Kva slags jobb får du?

Studiet vil høve som vidareutdanning for musikklærarar, som del av musikklærarutdanning eller som del av ei universitetsgrad.

Samlingar

Det blir samlingar frå onsdag kveld til fredag ettermiddag:

6. - 7. september 2018

18. - 19. oktober 2018

15. - 16. november 2018.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Studieinformasjon


Deltid / Samlingsbasert – Rauland


Bli student
BLI STUDENT
Vi gir deg kunnskap for fremtiden!
studentbolig
STUDENTBOLIG
Studentsamskipnaden tilbyr boliger på alle våre campus
Våre campus
CAMPUS
Mer informasjon om våre studiesteder

STUDENTENES ABC
Det du trenger å vite som ny student