Instrumentmaking – rekonstruksjon av folkemusikkinstrument

Instrumentmaking – rekonstruksjon av folkemusikkinstrument

Er du interessert i gamle instrument, korleis dei er bygd eller kva slag lyd dei har hatt? Då kan dette toårige deltidsstudiet vera noko for deg!

Legg varsel i kalenderen min
Studienivå
Årsstudium
Søknadsfrist
15.04.2019
Studiepoeng
60
Oppstart
Høst 2019

Kvifor instrumentmaking?

På musea rundt i landet fins det mange ulike musikkinstrument som få eller ingen lagar meir eller har kunnskap om. Dette materialet representerer eit mangfald i vår kulturhistorie, både i forhold til musikalske og handverksmessige prosessar. Målet er du skal bli i stand til å utforske dette kjeldematerialet på eiga hand, og kunne gjenoppdage og vidareføre denne kunnskapen.

Eigen praktisk utøving står sentralt i alle emna i programmet, og det er lagt opp til at du under studieløpet kan fordjupe deg meir og meir i ein bestemt instrumenttype. Instrumentmakarutdanninga skal gje grunnleggjande praktiske ferdigheiter i å bygge ulike norske folkemusikkinstrument basert på dokumentasjon og analyse av historiske instrument.

Gjennom prosjektoppgåver, praksisopphald, og gjennom dokumentering av historiske musikkinstrument får du høve til å fordjupe deg i ein type musikkinstrument.

Kva slags jobb får du?

Studiet gjev deg ferdigheiter og kunnskapar som er aktuelle for yrke innan instrumentmaking, tradisjonelt handverk, arkiv og museum. Det er også relevant kunnskap for folkemusikarar eller for lærarar innan musikk og handverk.

Kontakt med arbeidslivet

Gjennom studieløpet vil du få praksisopphald hjå ein instrumentmakar og eit feltarbeid ved eit museum.

Dette lærer du i instrumentmaking

Dei fleste emna i studiet er praktiske, eller har ein praktisk komponent. Dette betyr at den gjennomgåande aktiviteten er eigen utøving i verkstaden, men du vil også få teoretisk undervisning og arbeide grupper.  

Du vil få grunnleggande opplæring i materialkunnskap og sliping, oppsett og bruk av ulike handverktøy som blir brukt i instrumentmaking, samt ein gjennomgang av norske folkemusikkinstrument. Me vil sjå på konstruksjon, speleteknikk, geografisk utbreiing, historikk og lignande for kvart enkelt instrument. Vidare vil du få grunnleggande opplæring i å bygge ulike folkemusikkinstrument basert på historiske førebilete. Gjennom eige praktisk arbeid skal du utforske konstruksjonsmessige, akustiske, estetiske og speletekniske sider ved desse instrumenta.

Opptakskrav

Legg varsel i kalenderen min

Studieinformasjon


Deltid / Samlingsbasert – Rauland

 

Bli student
BLI STUDENT
Vi gir deg kunnskap for fremtiden!
studentbolig
STUDENTBOLIG
Studentsamskipnaden tilbyr boliger på alle våre campus
Våre campus
CAMPUS
Mer informasjon om våre studiesteder
FAQ. Icon.
OFTE STILTE SPØRSMÅL
Svar på det du lurer på som ny student