Master i tradisjonskunst

Master i tradisjonskunst

Har du lyst til å fordjupe deg i folkemusikken eller i tradisjonskunsten og bli ein god og kunnskapsrik utøvar?

Søk ledig studieplass
Studienivå
Master
Søknadsfrist
15.04.2018
Studiepoeng
120
Oppstart
Høst 2018

Kvifor master i tradisjonskunst?

I studiet får du høve til å utforske tradisjonsbasert kunst eller musikk, gjennom eiga utøving og gjennom ulike teoretiske perspektiv.

Master i tradisjonskunst

Dette lærer du på master i tradisjonskunst

Studiet Master i tradisjonskunst gjev deg innsikt i tradisjonskunstens vilkår slik at du kan reflektere kritisk over korleis den blir tatt vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø.

Studiet består av:

  • innføringsemne (30 stp.)
  • forprosjekt på (30 stp.)
  • avsluttande mastergradsprosjekt (60 stp.)

Stikkord for innføringsemne er:

  • vitenskapsteori og prosjektutvikling
  • tradisjon, kultur og identitet
  • estetikk
  • praksisorientert/utøvande forskning

Kva slags jobb får du?

Studiet kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje grunnlag for opptak til doktorgradstudium. Du kan arbeide i kultursektoren, i media, kunst- og kulturinstitusjonar eller som utøvar innan folkemusikk og tradisjonskunst/handverk.

Jeg merker at interessen for smykker med historisk rot er økende, så jeg tror det er en god tid å satse på yrker som har rot i tradisjon og håndverk.

Linn Sigrid Bratland. Foto.Sølvsmed Linn Sigrid Bratland

 

Skaff deg internasjonal erfaring

Du kan delar av masterutdanninga i tradisjonskunst i utlandet. Å studera eller ta praksis i utlandet kan gje deg høve til å utvida den internasjonale kompetansen din, språkferdigheter, personlege eigenskapar og omstillingsevne. Det kan òg gjera deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden. Me har avtaler med utanlandske universitet, høgskular og praksisinstitusjonar tilpassa studiet ditt.

Vidare utdanningsmoglegheiter

Med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) blir du kvalifisert for arbeid i grunnskolen, folkehøgskolar og vidaregåande skole.

Studiet kan også gje grunnlag for opptak til doktorgradstudium.

 

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande innan folkekunst eller folkemusikk.

For opptak til utdanning på masternivå krevjast karaktersnitt C eller bedre.

Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskaper.

Opptakskrav er heimla i forskrift om opptak til Høgskulen i Søraust-Noreg.

 

Studieinformasjon


Heltid – Rauland


Bli student
BLI STUDENT
Vi gir deg kunnskap for fremtiden!
studentbolig
STUDENTBOLIG
Studentsamskipnaden tilbyr boliger på alle våre campus
Våre campus
CAMPUS
Mer informasjon om våre studiesteder

STUDENTENES ABC
Det du trenger å vite som ny student