Norsk 1 trinn 5-10 – Kompetanse for kvalitet

Norsk 1 trinn 5-10 – Kompetanse for kvalitet

Studiet er ein del av ordninga Kompetanse for kvalitet og er eit tilbod for lærarar som er tilsette i offentlege og private skular. Ordninga er eit samarbeid mellom statlege utdanningsmyndigheiter, arbeidsgjevarorganisasjonar, KS og universitet og høgskular.

Studienivå
Etter- og videreutdanning
Søknadsfrist
01.03.2018
Studiepoeng
30
Oppstart
Høst 2018

Dette er Norsk 1 trinn 5-10

Norsk 1 er ei utdanning i norsk retta mot lærarar på mellom- eller ungdomstrinnet som har mindre enn 30 studiepoeng norsk.

I to emne på 15 studiepoeng får du faglege og fagdidaktiske kunnskapar du treng for å undervise i skulefaget norsk.

Studiet er organisert som deltidsstudium over to semester. Det er tre obligatoriske todagarssamlingar i semesteret. Mellom samlingane nyttar vi den digitale læringsplattforma Canvas til fagleg kommunikasjon og samarbeid.

Dette lærer du hos oss

Her er nokre av emna du lærer om:

  • Grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon
  • Barne- og ungdomslitteratur, nyare litteratur for vaksne, sakprosa
  • Språkutvikling og norsk som andrespråk
  • Læremiddel og IKT i norskfaget

Samlingar

Studiet er samlingsbasert med nettbasert kommunikasjon og samarbeid mellom samlingane. Undervisninga er lagd til torsdagar og fredagar kl. 09.00-16.00.

Hausten 2018

  • Veke 35: 30. og 31. august
  • Veke 41: 11. og 12. oktober
  • Veke 45: 08. og 09. november

Munnleg eksamen: 05. - 07. desember (tentativt).

Våren 2019

  • Veke 2: 10. og 11. januar
  • Veke 7: 14. og 15. februar
  • Veke 14: 04. og 05. april

Heime eksamen: 23. - 29. mai (tentativt).

Vidare utdanning

Med fullført norsk 1 kan du søkje opptak på norsk 2. Med lærarutdanning og 60 studiepoeng i norsk kan du søkje opptak til master i norskdidaktikk.

Ofte stilte spørsmål

Les spørsmål og svar på Utdanningsdirektoratets nettsider.

Opptakskrav

For å få opptak på studiet må du ha lærarutdanning og vere lærar i skulen.

Om du ikkje er tilsett i skulen, kan du søkje direkte til USN (kontakt studierettleiar). Vi kan ta opp kvalifiserte søkjarar som ikkje jobbar i skulen om vi har ledig kapasitet. Du vil da ikkje kunne søkje om støtte frå Udir.

Studieinformasjon


Samlingsbasert – Vestfold

 

Bli student
BLI STUDENT
Vi gir deg kunnskap for fremtiden!
studentbolig
STUDENTBOLIG
Studentsamskipnaden tilbyr boliger på alle våre campus
Våre campus
CAMPUS
Mer informasjon om våre studiesteder
FAQ. Icon.
OFTE STILTE SPØRSMÅL
Svar på det du lurer på som ny student