Dette er norsk 2 trinn 5-10
Norsk 2 er vidareutdanning i norsk for lærarar på mellom- eller ungdomstrinnet med minimum 30 studiepoeng norsk frå før.
Norsk 2 er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet retta mot lærarar i grunnskulen. I to emne på 15 studiepoeng får du faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter innanfor sentrale område for ein norsklærar. Grunnleggjande ferdigheiter vil vere eit gjennomgangstema i heile studiet.
Dette lærer du hos oss
- Lese- og skrivedidaktikk
- Munnlegheit og retorikk
- Språkhistorie, dialektologi og sosiolingvistikk med vekt på ungdomsspråk
- Tekst- og sjangerkunnskap
- Barne-, ungdoms- og vaksenlitteratur
- Litteraturteori, litteraturhistorie og litteraturdidaktikk
- Adaptasjonsteori
Samlingar
Studiet er samlingsbasert med nettbasert kommunikasjon og samarbeid mellom samlingane. Undervisninga er lagd til torsdagar og fredagar kl. 09.00-16.00.
Hausten 2018
- Veke 36: 06. og 07. september
- Veke 42: 18. og 19. oktober
- Veke 46: 15. og 16. november
Munnleg eksamen: 12. - 14. desember (tentativt).
Våren 2019
- Veke 3: 17. og 18. januar
- Veke 10: 07. og 08. mars
- Veke 15: 13. og 14. april
Heimeeksamen: 23.- 29. mai (tentativt).
Vidare utdanning
Med lærarutdanning og 60 studiepoeng i norsk kan du søkje opptak til master i norskdidaktikk.