– Aldri keisamt som anestesisjukepleier

Maren Solberg Sandal. Foto

Maren Solberg Sandal (30) tek Master i anestesisjukepleie ved USN. Ho ser fram mot ein arbeidskvardag der «alt» kan skje.


Kvifor vil du jobbe som anestesisjukepleiar?

Etter å ha jobba som sjukepleiar i sju år hadde eg lyst på nye utfordringar og ville spesialisere meg innan eit fagfelt. Eg har erfaring frå kreftavdeling, sjukeheim, ambulanse og intensiv avdeling. Heilt sidan eg gjekk på grunnutdanninga i sjukepleie har eg hatt interesse for akuttmedisin, og har spesielt sett opp til anestesisjukepleiarar, som har handtert pasientar med fagleg dyktigheit, og visar at dei er trygge på arbeidsoppgåvene i kaotiske situasjonar. 

Kan du beskrive en typisk arbeidsdag for ein anestesisjukepleiar?

Ein typisk arbeidsdag for ein anestesisjukepleiar er vanskeleg å beskrive, for ein dag er aldri er lik den neste, noko som gjer jobben spanande og variert. Ein dag kan ein til dømes vere med på å gi anestesi til ei kvinne som skal føde, og rett etterpå kan ein vere involvert i akutt kritisk skadde pasientar. Dette stiller krav til at ein heile tida har naudsynt utstyr sjekka og klart, har kontroll på medisinar og er god til å samarbeide og jobbe i team. Eg må heile tida vere førebudd på at «alt» kan skje og må kunne omstille meg raskt, då tid er ein viktig faktor når det handlar om akutte situasjonar.

Kan du beskrive ein dag frå din praksisperiode?

På dagvakter er det som regel planlagde operasjonar. Om morgonen når eg kjem får eg tildelt ei operasjonsstove og pasientar som skal opererast på den stova. Kva fagfelt pasientane høyrer til varierer, som til dømes gynekologi, karkirurgi, urologi, ortopedi, øre-nase-hals kirurgi, gastrokirurgi og so bortetter. Eg innhentar opplysningar om pasienten via journalsystemet og undersøkjer om pasienten til dømes har sjukdommar, brukar medisinar, har allergiar eller tilstandar som har konsekvensar for anestesi og som må takast omsyn til. Deretter klargjer eg teknisk utstyr og medisinar til operasjonen. Ofte har pasienten ein tilstand som har vore til plage over tid, og er takksam for å få hjelp. Det å skulle verte operert er skummelt for mange, så difor er det viktig at eg etablerer god kontakt med pasienten og forklarer kva som skal skje, slik at pasienten kjenner seg trygg og tatt vare på.  

Som anestesisjukepleiar er eg den som følgjer pasienten frå pasienten kjem til operasjonsavdelinga, og til pasienten er levert på postoperativ avdeling. Saman med min rettleiar og anestesilege har eg ansvaret for å halde pasienten i live under anestesien. Anestesilege er med i det pasienten sovnar, og når alt er stabilt sit eg igjen åleine. Under narkosen har ikkje pasienten evne til å puste sjølv på grunn av medisinane vi gir, og ein må sikre luftvegar og styre respirasjonen via ein respirator. Om pasienten skal sove eller vere vaken med lokalbedøving under operasjonen, er det mitt ansvar å passe på at pasienten heile tida har det bra, og eg er på ein måte pasienten si røyst under operasjonen. Respirasjon, sirkulasjon og smertelindring vert overvaka kontinuerlig, og eg må følgje med på endringar og handle og varsle dersom det skulle oppstå komplikasjonar.

Når operasjonen er ferdig avsluttar eg narkosen og sørgjer for at pasienten vaknar på ein så god måte som mogeleg ved å opptre roleg, informere og skape tryggleik for pasienten ved å vere nær. Deretter følgjer eg pasienten til postoperativ avdeling samstundes som eg overvakar at pasienten er stabil respiratorisk, sirkulatorisk og er tilfredsstillande smertelindra. Deretter gir eg rapport til sjukepleiaren som tek i mot pasienten om kva som er blitt gjort, kva som er vidare plan og kva som skal følgjast opp etter operasjonen.

Kva er det beste med jobben din?

At eg aldri veit kva som ventar meg, og at det aldri er keisamt. Eg får jobbe med fagleg dyktige kollegaer, både innanfor eige fagfelt og samarbeid med andre yrker. Eg får ta del i pasientkontakt i alle aldersgrupper, og kan vere med på å gjere møtet med  operasjonsavdelinga til det betre for pasienten. Stadig nye utfordringar oppstår, både personleg og fagleg. Læringskurva er bratt og vil nok vere det resten av mitt yrkesaktive liv.

Kvifor valte du Master i anestesisjukepleie ved USN?

Det var på grunn av geografisk tilknyting og godt omdømme. Fleire kollegaer som har tatt utdanning på same stad anbefalte USN. Universitetet er også blant dei fyrste som tilbyr master i anestesisjukepleie, og eg tenkjer at ein master kan opne for andre karrieremogelegheiter på sikt. Studiet held høg kvalitet, og mange flinke førelesarar gir auka motivasjon og interesse.

Korleis opplev du studietida ved USN?

Å vere student på eit masterstudium i eit kull på sirka 20 studentar med same bakgrunn som meg sjølv har vore veldig fint. Vi har mykje erfaring å dele og eit felles mål om å bli anestesisjukepleiarar. Dette har gitt grunnlag for godt samarbeid, faglege diskusjonar og nye vennskap.

På kva måte har den tillærte kunnskapen frå studiet vore nyttig i jobben din?

For å jobbe som anestesisjukepleiar i Noreg må ein ha utdanninga, så den er naudsynt for i det heile teke å kunne utøve arbeidet. Eg har fått mykje djupare kunnskap om fysiologi/patofysiologi, farmakologi og anestesiologi. Sidan det er eit masterstudium har eg óg fått kunnskap om korleis eg skal lese, vurdere og bruke forsking og korleis dette kan brukast i min praksis. Ved å skrive masteroppgåve om eit konkret, sjølvvalt tema vil gi meg høgare kompetanse på området som eg kan dele med mine kollegaer.

Kva tips har du til komande studentar?

Dersom du er motivert og har lyst til å bli anestesisjukepleiar, så er det berre å søkje. Vit at du må jobbe strukturert og jamt heile studieperioden. Ver audmjuk for faget, men tøff nok til å stå i situasjonen og stole på eigne ferdigheiter og kunnskap, men be om hjelp når du treng det. Når ein jobbar i team er det alltid hjelp å få.

Namn: Maren Solberg Sandal
Alder: 30
Bustad: Kongsberg
Studiet du tek: Master i anestesisjukepleie ved Universitetet i Sørøst-Norge (ferdig sumaren 2019)
Jobbar som: Sjukepleiar på ein intensivavdeling, og som anestesisjukepleiar på ein operasjonsavdeling når ho er ferdig med studiet.