Anbefalar denne vidareutdanninga til lærarar og tilsette i barnehager og barnevern

Solveig Abelone Midtgarden har tatt vidareutdanninga i samspill og tilkytning mellom barn og nære omsorgspersonar. Ho fortel om et studium som har truffe rett inn i hennar arbeidskvardag og anbefaler fleire å studere.


Foto av Solveig Abelone MidtgardenSolveig Abelone Midtgarden jobbar som kontaktperson og veileder i barnevernet. No er ho ferdig med vidareutdanninga Samspill og tilkytning mellom barn og nære omsorgspersonar, med svært gode erfaringer:

– Denne vidareutdanninga har vore midt i blinken for meg. Den har bygd opp under og bekrefte alt det andre eg har tileigna meg fagleg dei siste åra. Eg kjenner meg privilegert som har fått anledning til å fylgje denne vidareutdanninga og ser at den har gjort noko med meg, seier Midtgarden.

Praktisk retta

Sjølv om det er ein del teori, er vidareutdanniga praktisk retta og treff rett inn i arbeidskvardagen.

Eg har kunna bruka det eg har lært på alle samlingane i mitt daglege møte med barn og foreldre eller omsorgspersonar, og eg kjenner at det både har gitt meg ein ny giv og inspirert meg til å stå på i arbeidet mitt, seier ho.

Midtgarden fortel at utdanninga har vore utviklande for ho på fleire plan:

Eg er blitt tryggare i min rolle som veileder og kontaktperson, og eg kjenner at det er meir tyngde i det eg gjer, sier ho.

God oppfylgjing

Det har vore ein fin blanding av forskjellige foredragshaldarar og unikt å få høyre så mykje frå Olav Mortensen, som er så integrert i sitt fagfelt. Dei andre har bidrege med sin kunnskap på ein god måte, og eg er kjempenøgd med det eg har vore gjennom, sier Midtgarden.

Ho innrommer at det har vore travelt å studere ved sida av jobben og krevande med oppgåveinnleveringar.

Likevel ynst eg at USN har vore fleksible, og eg har fått god oppfylgjing frå ansvarleg leiar. I det heile syns eg at dette studie er unikt, og eg har anbefalt det til barnehageansatte, lærarar i skulen samt kollegaer i barnevernet, sier ho.

Fakta

Navn: Solveig Abelone Midtgarden

Jobber som: Barnevernskonsulent i Vest-Telemark

StuderteSamspill og tilknytning mellom barn og nære omsorgspersoner studieåret 2019/2020