Ottar Kåsa kjem opphavleg frå Arabygdi i Vinje kommune og bur i dag i Bø i Telemark. Han brenn for å utvikle tradisjonsrike instrument og spele folkemusikk. Frå 2017 til 2021 valde han å ta ein master i tradisjonskunst hjå Universitetet i Søraust-Noreg på campus Rauland.

Praktisk-akademisk

– Eg såg det som nyttig å kunne kombinere den praktiske kunnskapen eg hadde med ei akademisk tilnærming, og tenkte at dette kunne gje interessante høve til å skipe ny kunnskap. Dessutan virka miljøet på Rauland veldig bra, med mange interessante folk, forklarer Ottar.

Kåsas innovative mastergradsprosjekt handla om bygging av ein hardingbratsj, og han ser tilbake på studiet som ei nyttig erfaring, der han fekk ta del i eit rikt fellesskap.

– Det beste med studiet var å få grundig rettleiing av dyktige rettleiarar gjennom skrivearbeidet, og den gode kjensla av å ha produsert ei solid oppgåve eg føler eg kan stå inne for. Å vere del av eit fellesskap med så mange folk med ulik bakgrunn og forskingstema var òg veldig lærerikt og morosamt, seier han.

Les meir om campus Rauland

Tradisjonsfelt i ei moderne tid

Stian Roland leiar Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Han er imponert over Kåsas mastergradsarbeid: 

– Ottar Kåsa opererer i skjeringspunktet mellom folkemusikk og tradisjonshandverk, og masterprosjektet hans er eit fantastisk døme på kombinasjonen av praktisk handverkskunnskap av svært høg kvalitet og innovativ tilnærming til tradisjon og gode teoretiske refleksjonar. Slikt er viktig for tradisjonshandverket og folkemusikken når det gjeld vidareføring, men òg utvikling av nytt handverk. Dessutan gjev det grunnlag for vidare naudsynt forsking på eit ganske ungt akademisk felt, forklarer Roland.

Studiane på campus Rauland rekrutterer studentar frå heile Noreg og har òg mange internasjonale studentar. Det blir lagt stor vekt på at studentane skal få fordjupe seg i det dei sjølv vil, og på den måten òg kan vere med på å forme si eiga spesialisering ut frå eigne ønske og frå kva som trengs i arbeidslivet.

– På mastergradsstudiet i tradisjonskunst får du høve til å kombinere den utøvande kompetansen din inn mot kunstnarisk eller praktisk orientert forsking. Samfunnet treng denne typen spesialistar som kan vere med å utvikle tradisjonsfeltet vidare inn i ei moderne tid, seier Roland.

Nybrotsarbeid og tradisjonsrikt handverk

I dag driv Kåsa sitt eige føretak med fokus på musikk og felemaking, og tek ulike oppdrag som hardingfelespelemann.

Ottar Kåsa lagar ei fele– Eg reparerer og justerer ulike instrument, hovudsakleg hardingfeler. I tillegg bygger eg nye instrument. Det har stort sett vore hardingfeler, men i det siste har eg fått ein del oppdrag med å bygge nye typar instrument, slik som hardingbratsj og hardingcello, som det eigentleg ikkje finst nokon tradisjon for, forklarar Ottar. 

Sidan bygging av hardingbratsj var tema for masterprosjektet hans, vart denne prosessen grundig dokumentert gjennom studiet ved USN. 

Hans yrkesliv bygger i stor grad vidare på arbeidet han la ned i masteroppgåva.

– Eg fortset arbeidet med bygging av hardingbratsj og hardingcello, og kan bygge på den kompetansen eg fekk gjennom masterarbeidet. Dessutan har eg kan hende fått ein litt større sjølvtillit når det gjeld akademisk skriving, om eg skulle publisere artiklar om felemaking i framtida, seier han.

Treårig arbeidsstipend

I 2021 fekk 38-åringen eit treårig arbeidsstipend frå Norsk kulturråd. Stipendet vil han nytte til å halde fram med å utvikle nye musikkinstrument.

– Eg skal utvikle meg som felemakar og freiste laga enda betre instrument. Eg vil fokusere på hardingfele, hardingbratsj og hardingcello, og det er nok særleg hjå dei to sistnemnde eg føler det ligg eit stort og uutforska potensial, både når det gjeld til kva musikalske høve dei har, og korleis ein kan tilpasse desse instrumenta til ulike behov, seier felemakaren.

Han peiker på at dette må skje saman med musikarane som skal nytta instrumenta.

– Utviklinga må sjølvsagt skje i samarbeid med musikarar, og eg opplever ein stor vitelyst frå både musikarar og komponistar rundt desse nye instrumenta og kva klangar som vil koma ut av dei, seier  Kåsa.

Han rår nye studentar som vurderer å ta ein master i tradisjonskunst til å velje eit tema dei brenn like mykje for som han gjer for felemakinga.

–  Det kan ofte vera vanskeleg å finne ut kva ein skal skrive om i ei masteroppgåve. Det er eit omfattande arbeid, så det er viktig å velje noko ein brenn litt ekstra sterkt for. Då blir det lettare å fullføre, og oppgåva blir truleg betre, seier han.