Tobias tar master i Tradisjonskunst

Master i tradisjonskunst og folkemusikk

Rauland - Heltid

Har du lyst til å fordjupe deg i folkemusikk, folkedans, tradisjonskunst eller tradisjonshandverk, og bli ein god og kunnskapsrik utøvar?

  • Søk opptak fra: 01. Feb 2025
Minn meg på søknadsfrist

Studieinformasjon

  • Studiested: Rauland
  • Studienivå: Master
  • Progresjon: Heltid
  • Oppstart: Høst 2025
  • Studieopplegg: På campus
  • Studiepoeng: 120
  • Søknadsfrist: 15.04.2025
  • Søkekode: 6175
  • Antall semester: 4
  • Undervisningsspråk: Norsk
  • Antall studieplasser: 15
Vis flere keyboard_arrow_down keyboard_arrow_up

Kvifor master i tradisjonskunst og folkemusikk

I studiet får du mogelegheit til å utvikle deg som utøvar og fagperson innan folkemusikk/-dans eller tradisjonskunst/-handverk.

Det å utdanne seg innan tradisjonskunst har gitt meg kompetanse om materialer, prosessar og samanhengar eg har opplevd som både unik og nyttig i mange samanhengar. Ikkje berre i mitt virke som utøvande sylvsmed, men også i samband med formidling, undervisning og forsking.

Linn Sigrid kvadrat

Sylvsmed Linn Sigrid Bratland

 

Dette lærer du 

I studiet lærer du deg å forske på folkemusikk/-dans, tradisjonskunst og tradisjonshandverk med utgangspunkt i eigen praksis, og du får verktøy til å utvikle deg som utøvar. 

Studiet består av: 

  • Innføringsemne (30 stp). Her lærer du om kva praksisbasert forsking er, og korleis ein kan utforske faglege spørsmål gjennom å kombinere refleksjon over eigen praksis med andre vitenskapelege metodar. Du får også innføring i aktuelle teoretiske begrep og perspektiv (tradisjon, kultur og identitet, estetikk og materialitet osb) som er sentrale for å forstå eigenarten til tradisjonskunsten og folkemusikk/-dans.
  • Forprosjekt (30 stp). I dette emnet lærer du om prosjektutvikling i praksis gjennom arbeid med problemformulering, avgrensing, val av teori og metode, kjeldekritikk og gjennomgang av tidlegare forsking. Du lærer også om korleis ein kan kople eiga utøving, gjenstandsanalyse, kjeldestudie og andre aktuelle forskningsressurar. 
  • Avsluttande mastergradsprosjekt (60 stp). Mastergradsprosjektet er eit sjølvstendig vitenskapeleg arbeid/kunstnerisk utviklingsarbeid der eigen utøvande praksis er eit viktig reiskap i forskinga. Døme på aktuelle tema for mastergradsprosjekt kan vera design/redesign, rekonstruksjon av teknikkar eller objekt, musikkanalyse/estetisk analyse, bærekraft, teknologi, kulturhistoriske forhold m.m.

Kva slags jobb får du?

Studiet kvalifiserar for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje deg grunnlag for opptak til doktorgradsstudium.

Mange av dei som har teke studiet arbeidar i:

  • kultursektoren
  • media, kunst- og kulturinstitusjonar
  • eller som utøvar/lærar innen folkemusikk/-dans og tradisjonskunst/-handverk

I mange utlyste jobbar er det ynskje/krav om masterutdanning.

Kontakt med arbeidslivet 

Vi ser at mange studentar byggjer arbeidslivsrelevant kompetanse gjennom å arbeide med prosjekt som involverar ulike aktørar frå arbeidslivet (utøvere/kunstnere, tradisjonsbærarar, organisasjonar/institusjonar, bedrifter).

Gjennom studiet møter studentane både tilsette og gjestelærarar som er aktive utøvarar og/eller internasjonalt anerkjende forskarar. Dette er med å gje studentane viktig nettverk i arbeidslivet. 

Sosialt studentmiljø

Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet.

Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som danseklubb, spikkeklubb, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub kvar onsdag m.m. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus. 

Maria Vaaje i snøkledd skog på Rauland

Rauland, et studiested fylt med lidenskap, inspirasjon og et unikt studentmiljø

På campus Rauland dyrker USN-student Maria interessene sine, mens vennskap gror tett på tvers av studieretninger og årskull.

Vidare utdanningsmoglegheiter

Studiet kan gje grunnlag for opptak til doktorgradsstudium. Fleire tidlegere studentar frå masterstudiet har til dømes gått vidare på USN sitt doktorgradsstudium i Kulturstudier. 

Studiet kvalifiserer også til PPU (praktisk-pedagogisk utdanning)

Skaff deg internasjonal erfaring

Du kan ta deler av tradisjonskunst i utlandet. Å studere eller ta praksis i utlandet kan gi deg mulighet til å utvide din internasjonale kompetanse, språkferdigheter, personlige egenskaper og omstillingsevne. Det kan også gjøre deg mer attraktiv på arbeidsmarkedet. Vi har avtaler med utenlandske universiteter, høyskoler og praksisinstitusjoner tilpasset ditt studium.

Studieplan

Ei studieplan beskriv innhald, oppbygging og organisering av eit studieprogram. Til kvar studieplan er det knytt emneplanar som beskriv dei enkelte emna, her finn du også pensumliste. Nedanfor ser du ein studiemodell som viser deg kva for emne som går i dei ulike semestera. Frå studiemodellen finn du også lenker til dei ulike emneplanane.

warning Studieplanen for "2025 høst" er ikke klar ennå. For å gi deg en illustrasjon av hvordan studiet er bygget opp viser vi deg studieplanen for et tidligere kull.
Studieplan for 2024 høst

warning Studiemodellen for "2025 høst" er ikke klar ennå. For å gi deg en illustrasjon av hvordan studiet er bygget opp viser vi deg studiemodellen for et tidligere kull.

Opptakskrav

Fullført og bestått bachelorgrad eller tilsvarande med minst 60 studiepoeng innan folkekunst/handverksfag eller folkemusikk/musikk. Bachelorgrader innan andre relevante kunst og kulturfag kan òg bli vurdert. Det er òg mogleg å søka om å bli vurdert med andre bachelorgrader om ein kan dokumentera relevant utøvande kompetanse.

Har du utdanning frå land utanfor Norden, må du dokumentere norsk og engelsk.

 

Poenggrenser ved forrige opptak:

Har du spørsmål?

Instagrambilder frå campus Rauland