Vår visjon
USN skal vere regionalt forankra og internasjonalt anerkjent
Hovudprofilen til universitetet er profesjonsretta, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanningar. Både forsking og utdanning blir kjenneteikna ved tett samspel med samfunns- og arbeidsliv i regionen.
USN skal vere regionalt forankra og internasjonalt anerkjent
Ved USN skjer kunnskaps- og kompetanseutvikling gjennom samarbeid og samskaping.
Berekraftig samfunnsutvikling krev ny kunnskap og nye tilnærmingar.
Gjennom ypparleg kompetanse og kunnskap skal USN bidra med kunnskapsgrunnlaget for ei berekraftig samfunnsutvikling; klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.
På bakgrunn av samfunnsmandatet vårt, verdiane våre og for å realisera visjonen vår, skal USN prioritere:
Kompetanse for eit samfunns- og arbeidsliv i endring
Vi utviklar studietilbod i samspel med omgivnadene våre, inkluderer arbeidslivserfaringar i utdanningane, og sikrar at studentane får kompetanse til å vidareutvikle samfunns- og arbeidslivet dei blir ein del av.
Berekraftig samfunnsutvikling
Vi utviklar kunnskap som kastar lys over utfordringane i samfunnet og arbeidslivet, og bidrar til løysingar i tråd med berekraftsmåla til FN. Kunnskap om globale utfordringar, høgt etisk medvit og eit tankesett for berekraft pregar alle utdanningar ved USN.
Nyskapande arbeidsmåtar
Vi fremmar læring gjennom forskingsbaserte undervisnings- og læringsmetodar, og legg vekt på innovasjon og entreprenørskap – òg i undervisning.
Digital kompetanse i eit digitalt samfunn
Vi utviklar digital kompetanse i alle utdanningar. Vi tilbyr relevante og innovative undervisnings- og læringsprosessar tilpassa det digitale samfunnet vårt.
Fleksibel og tilrettelagt utdanning
Vi gjer utdanning tilgjengeleg for ulike grupper studentar og bidrar til å fjerne barrierar for tilgang til kunnskap og kompetanse. Vi tilbyr utdanningar som stimulerer til livslang læring.
Internasjonale utdanningspartnarskap
Vi gjer studentane våre høve for internasjonal erfaring gjennom internasjonale partnarskap.
Kultur for formidling
Vi styrkar dialogen med omverda for å legge til rette for eit kunnskapsbasert offentleg ordskifte og for at kunnskap blir tatt i bruk.
Tverrfagleg og profesjonsrelevant forsking
Vi vektlegg forsking gjennom tverrfagleg samarbeid.
Innovasjon og nyskaping
Vi bidrar, både gjennom grunnforsking og anvend forsking, til innovasjon og kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping. Vi utviklar kunnskapsgrunn laga for nye tankesett, løysingar, tenester, praksisar, prosessar og produkt i samarbeid med offentleg, privat og frivillig sektor.
Internasjonalt forskingssamarbeid
Vi deltek i internasjonale forskings- og utviklingsnettverk og etablerer partnarskap for å styrke forskingssamarbeid på tvers av landegrenser.
Grensesprengande og berekraftframande forsking
Vi gjennomfører forsking og utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet som fremmar berekraftig samfunnsomstilling som møter klima- og miljøutfordringar og bidreg til sosial inkludering, utjamning av sosial forskjell, berekrafta til velferdsstaten og levande lokalmiljø.
Nye modellar for samskaping og samhandling
Vi utviklar ny kunnskap gjennom nye og kreative samarbeidsformer i regionale og nasjonale partnarskap.