Doktorkreering blir arrangert kvart år, på den siste torsdagen i april. Dette er ei feiring av dei nyutdanna doktorane til universitetet og markerer overgangen frå doktorand (doktorgradsstudent) til kreert doktor.
USN innførte kreeringsseremonien i 2019.
Doktorkreering har røter i ein fleire hundre år gammal universitetstradisjon, og vitnar om at USN driv utdanning på høgste akademiske nivå.
– Som doktorar er dokker blant dei viktigaste vi har i arbeidet for å flytte samfunnet framover (rektor Petter Aasen)
Viser samspill med samfunn og næringsliv
Doktorandane blir inviterte til doktorkreering med dei gjestene dei ønsker å ha med, som til dømes nær familie. Interne og eksterne rettleiarar og alle tilsette ved USN blir òg invitert.
For å markere at USN driv utdanning på høgste akademiske nivå i tett samspill med samfunns- og næringsliv, inviterer vi òg representantar både frå det regionale- og kommunale styringsnivået og frå det omkringliggande næringslivet som USN samarbeider med.
– Flott av USN å gjeninnføre denne høgtidelege seremonien for oss som har tatt doktorgrad. Dette er ein festdag! (nykreert doktor)
Ein festdag
På kreeringsseremonien ber rektorat og dekanane kappe. Kappa er eit plagg med lange tradisjonar og symboliserer vørdnad.
Seremonien er ei markering, både internt og eksternt, av at USN står i ein akademisk tradisjon.
Når den høgtidelege seremonien er gjennomført, blir dei nykreerte doktorane og gjestane deira inviterte til å feire hendinga med god mat og drikke saman med USNs leiing og andre inviterte.
– USN har vore ein fin stad å ta ein doktorgrad. Eg har hatt dyktige rettleiarar og leiarar som i stor grad har bidratt til at eg vart ferdig på ein god måte og til tida (nykreert doktor).