Velkomen til Universitetet i Søraust-Noreg!

Kunnskap og kompetanse for eit arbeidsliv i endring

Finn studie Finn tilsette

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er Noregs nyaste universitet! Vi er det fjerde største av Norges ti universitet med over 18.000 studentar og rundt 1.600 tilsette.

USN tilbyr profesjonsorientert og arbeidslivsretta utdanning, forsking og kunnskapsformidling med høg internasjonal kvalitet.

Som student hos oss har du fleire valmoglegheiter med heiltid, deltid, studiestadbasert og nettbasert studietilbod. I tillegg tilbyr USN ei rekke etter- og vidareutdanningar.

Du møter innovative undervisingsformer og utfordrande studiar tett kopla til samfunnets krav og behov. Hos oss lærer du å meistre eit samfunn og arbeidsliv i endring.

Du har moglegheit til å studere anten i Buskerud, Vestfold eller Telemark. USN er lokalisert i Bø, Drammen, Horten (studiestad Vestfold), Notodden, Porsgrunn, Kongsberg, Ringerike og Rauland.

USN har stor breidde i studietilbodet på bachelor-, master- og doktogradsnivå fordelt på følgande fakultet:

  • Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • Fakultet for humaniora-, idretts- og utdanningsvitskap
  • Fakultet for teknologi, naturvitskap og maritime fag
  • USN Handelshøyskolen

Høgskulen i Søraust-Noreg blei danna 1. januar 2016, da Høgskulen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høgskulen i Telemark. Den 4. mai 2018 vedtok Kongen i statsråd at høgskulen skulle bli eit universitet.

USN blir leia av rektor Petter Aasen.

USN – Norges nyeste universitet. Illustrasjon.

USN – Norges nyeste universitet

4. mai 2018 ble det vedtatt av Kongen i statsråd at Universitetet i Sørøst-Norge er Norges tiende universitet.

Ansattsøk. Illustrasjon.

Våre ansatte

Søk etter ansatte ved Universitetet i Sørøst-Norge.

E-læring og nettstudier. Illustrasjon.

E-læring og nettstudier

USN skal være et fremtidsrettet universitet, hvor e-læring og nettstudier er en naturlig og sentral del av måten vi underviser på.