• Om USN»
  • USN er eit fairtrade-universitet

USN er eit fairtrade-universitet

USN er Norges eneste fairtrade-universitet

USN er Noregs einaste fairtrade-universitet og er dermed ein del av eit stort fellesskap av internasjonale universitet som forpliktar seg til å arbeide for menneskerettar, berekraft og kampen mot moderne slaveri og menneskehandel.


USN har valt å bli eit fairtrade-universitet sidan dette er i tråd med universitetets verdiar, strategiar og prioriteringar. Da USN fekk universitetsstatus, sette ein eit mål om at studentane skal bli samfunnsbevisste medborgarar, og at dei skal oppmodast om å ta eit globalt ansvar. Visjonen er at det skal bli utdanna arbeidskraft i Søraust-Noreg som medverkar til ei betre verd både under og etter utdanninga, uavhengig av studieretning eller fagfelt.

Berekraftig utvikling

USN er det einaste fairtrade-universitetet i Noreg. Det underbygger USN sitt arbeid med berekraft i brei forstand og gir oss ein ekstra dimensjon.

Vi har eit stort ansvar lokalt, regionalt og internasjonalt for å medverke til at FNs berekraftsmål vert oppfylte, og har derfor dette som ein viktig prioritet.

Styret har vedtatt ein strategi som set tydelege forventningar om at universitetet skal vere samfunnsbevisst og internasjonalt. Statusen som fairtrade-universitet er ein viktig del av desse prioriteringane og denne strategien.

Gjennom arbeidslivsintegrert forsking og utdanning skal universitetet bidra med kunnskap og kompetanse til å løyse klima-, energi- og fattigdomsutfordringane i verda, sikre berekrafta til velferdsstaten og styrke mellommenneskelege relasjonar i ei globalisert verd.

USN strategi 2017-2021

Bakgrunn

Pro rektor Nils Kristian Bogen leder styringsgruppen for fairtrade ved USNEtter eit sterkt engasjement frå studentar og tilsette vedtok styret på daverande Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) at høgskolen skulle bli fairtrade-høgskole i 2016.

HSN var derimot ikkje først, for tidlegare Høgskolen i Telemark blei Fairtrade-høgskole alt i 2013 og var med det den første høgskolen i Noreg med denne statusen. Fairtradestatusen blei vidareført da HSN blei til USN, og med det var Noregs første fairtrade-universitet eit faktum. Dette er ein status USN deler med mange profilerte universitet internasjonalt.

I tråd med kriteria for fairtradestatus har det blitt sett ned ei eiga styringsgruppe som skal utvikle dette arbeidet vidare. Denne styringsgruppa vert i dag leia av prorektor Nils Kristian Bogen (bildet) og
har representantar frå ulike sider av institusjonen, mellom anna studentane og dei fagleg tilsette. Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg er også representert.

I tillegg er det tilsett ein fairtradekoordinator i 60% stilling som arbeider med å gjennomføre og samkjøre dei ulike prosjekta rundt fairtrade ved USN. Koordinatoren fungerer også som sekretær for styringsgruppa og er kontaktpunkt for fairtradearbeidet internt og eksternt.

Kva er fairtrade?

Fairtrade handlar om å sikre ei anstendig løn og betaling for arbeidarar og bønder i utsette område av verda. Sjølv om ein stor del av befolkninga på jorda arbeider med produksjon av råvarer som resten av verda forbrukar og treng, så lever mange av desse arbeidarane framleis i fattigdom.

Fairtrade har som mål at same kor ein bur og jobbar, skal ein kunne kome seg ut av fattigdom og kunne bestemme over eige liv med ei akseptabel inntekt. Ordninga sikrar at dei som jobbar i produksjonen av råvarer får betalt for arbeidet sitt og at ein riktig del av inntektene frå sal går tilbake til produsentane.

Fairtrade er den mest kjende og anerkjende sertifiseringa og merkeordninga i verda for rettvis handel, og har ei rad tilbod til bønder og arbeidarar som er med i ordninga. Dette involverer tilskot til utdanning, støtte til produksjonen og rådgjeving.

Fairtrade bidrar til å sikre. Foto: Juan Munoz

 

Store utfordringar

Sjølv om talet fattige på jorda går nedover, er det framleis langt igjen på mange område.

Nokre døme:

Fairtradeordninga legg til rette for tettare kontakt mellom råvareproduserande bønder og arbeidarar og dei internasjonale selskapa som kjøper og sel råvarene. Det er i samband med dette at produsentane ofte blir utnytta, og derfor skal fairtradeordninga garantere at det ikkje skjer.

Vidare syter fairtrade for at forbrukarar som kjøper det ferdige produktet, blir medvitne om problemstillinga og stiller vidare krav til produkta dei kjøper. Sertifiseringa stiller strenge krav til kooperativ og plantasjar om løn, rettar for arbeidstakarane og forbod mot barnearbeid.

Fairtrade sikrer arbeidere anstendig lønn.

 

Samstundes er det sterke kontrollordningar for å sikre at avtalane blir følgde opp, og det blir forska mykje på fairtrade for å sikre at ordninga faktisk fungerer.

Fairtrade og FNs berekraftsmål
FNs Bærekraftsmål

FNs berekraftsmål er ein viktig prioritet for USN og regjeringa. Fairtrade er nært knytt mot FNs berekraftsmål gjennom fleire av måla.

Dei tre bærekraftsaspekta

De tre bærekraftsaspektene ved Fairtrade

USN sitt arbeid med fairtrade var eitt av tiltaka som ble løfta fram i Tilstandsrapporten for høgare utdanning i 2019 da tema var FNs berekraftsmål og arbeidet med å gjennomføre det grøne skiftet. Tilstandsrapporten er eit grunnlag for regjeringas og Kunnskapsdepartementets arbeid med høgare utdanning i Noreg.

På sikt ønskjer ein at både studentar og tilsette skal ta ytterlegare eigarskap til USN som fairtradeuniversitet og gjennomføre eigne prosjekt på eige initiativ.

Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2019
Direktoratet for internasjonalisering og  kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku)

Kva vil det seie at USN er et fairtrade-universitet?

Fairtradestatus blir gitt dersom institusjonen oppfyller ei rad kriterier som vert sette av Fairtrade Norge.

Kriterieria omfattar m.a.:

  • Etablere ei styringsgruppe der tilsette og studentar er representerte.
  • Bruk av fairtradeprodukt i arrangement/møte i institusjonens regi.
  • Fairtrademerka produkt blir gjort tilgjengelege i utsalsstader /serveringsstader på campus.
  • Det må gjennomførast kampanjar på campus for å auke kunnskapen om Fairtrade.
  • Det bør ligge føre eit styrevedtak.

Klikk her for å ta kontakt

Det er ei vanleg mistyding at fairtradestatus set strenge krav om at majoriteten av universitetet sine innkjøp skal vere frå fairtradeprodusentar, eller at fairtrade utkonkurrerer andre merkeordningar som fungerer meir eller mindre på same vis. Dette er ei feiloppfatning.

Fairtradestatus er ei erklæring frå USN om at universitetet skal medverke globalt i kampen mot fattigdom, klimaendringar og moderne slaveri. Sertifiseringsordninga til fairtrade kan gå side om side med andre initiativ ved USN som skal vere med på å møte desse utfordringane.

Samstundes brukar og profilerer USN fairtradeprodukt der dette er aktuelt. Det skal løne seg å velje fairtrade, og dette vert det arbeidd kontinuerleg med. Det er også eit ønske om å sende eit tydeleg signal til aktørar som samarbeider med USN om at universitetet verdset berekraft, demokrati, etikk og miljø i sine samarbeid.



USN har status som fairtrade universitet FNs bærekraftsmål  responsive-focuspoint focus-horizontal-50 focus-vertical-50Fairtrade (copyrighted Fairtrade Norge) responsive-focuspoint focus-horizontal-50 focus-vertical-50

Kontakt om USN som fairtrade-universitet

Amund Thomassen
Fairtradekoordinator