Kvart fakultet blir styrt av ein dekan og er samansett av institutt som blir styrt av instituttleiarar.
Hos oss kan du velje i ei brei studieportefølje med bachelorgradar, mastergradar, doktorgradar, etter- og vidareutdanningar, deltidsstudiar, årsstudiar og nettstudiar, samt ulike kurs og sommarskular.
Vi organiserer dei administrative ansvarsområda våre i fem avdelingar som blir leia av høvesvis viserektorar, økonomidirektør, personal- og organisasjonsdirektør og direktør for infrastruktur.
Leiargruppa ved USN består frå studiestart 2019 av rektor, prorektor, fire dekanar, to viserektorar, kommunikasjonsdirektør, stabssjef, økonomidirektør, direktør for infrastruktur og personal- og organisasjonsdirektør. Du kan lesa meir om kven dei er under Toppleinga ved USN.
Kommunikasjonsavdelinga som blir leia av kommunikasjonsdirektøren er delt i to seksjonar med kvar sin seksjonsleiar: Seksjon for profilering og studentrekruttering og Seksjon for media og formidling.
Kommunikasjonsavdelinga har ansvar for organisering og gjennomføring av kommunikasjons- og marknadsrelaterte prosjekt, omdømebygging, forskingsformidling, nyheitsformidling, studentrekruttering, USN i sosiale medium, web, videoproduksjon, mediehandtering, malar/logoar og intern kommunikasjon.
Universitetets styre er øvste vedtaksorgan med ansvar for strategisk verksemd og drift. Styret består av elleve medlemmer med styreleiar Tore Isaksen, rådmann Hønefoss kommune i spissen.
Studiestadana våre
Drammen, Vestfold, Kongsberg, Ringerike, Bø, Notodden, Porsgrunn og Rauland.
Fakulteta våre med institutt
- Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap
- Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Fakultet for teknologi, naturvitskap og maritime fag
- Handelshøyskolen
Dei administrative avdelingane våre
Avdeling for utdanning og studiekvalitet, Avdeling for forsking, innovasjon og internasjonalisering, Personal- og organisasjonsavdeling, Økonomiavdeling og Avdeling for infrastruktur.