Våre gåveprofessorat

Gåveprofessorat bidreg til at universitetet får styrka si forsking innanfor viktige satsingsområde.


USN har sin særlege styrke i regional tilknyting og anvendt forsking, og bygger forskingskompetanse på viktige samfunnsområde som helse, utdanning, teknologi og samfunnsforsking. Samarbeidspartnarane våre støttar oss med gåveprofessorat, stipendiatstillingar og postdoc-stillingar, og finansierer viktig forsking i to til seks år.   

Innehavarar av eksternt (del)finansierte stillinger skal drive fri og uavhengig forsking, og dei har full fridom til å utrykke sine faglige meningar om ulike tema. 

Nedanfor finn du ei oversikt over noverande gåveprofessorat og gåvemidlar ved USN.

Helse- og velferdsteknologi

 

Eit gåveprofessorat støtta av Drammen kommune for perioden 2021-2024 under overskrifta 'Universitets-kommune Drammen'.

Professoratet er viktig i USNs satsing på helse- og teknologiområdet, skal bidra til økt forskingsaktivitet og videreutvikle tverrfaglige og nyskapande arenaer av internasjonal interesse som fremjar relevant forsking, entreprenørskap og næringsutvikling på området.

Professor Giovanna Calogiuri er tilsett i stillinga.

Giovanna Calogiuri

Entreprenørskap

Eit gåveprofessorat støtta av Drammen kommune for perioden 2021-2024 under overskrifta 'Universitets-kommune Drammen'.

Professoratet skal bidra til aukt forskingsaktivitet innan innovasjon og entreprenørskap, og fokusere på aktuelle FoUl-problemstillingar i Drammensregionen.

Professor Seppo Leminen er tilsett i stillinga.

  Seppo Leminen

Industriell sirkulær økonomi

Eit professorat støtta av Birkelandsinitiativet. Professoratet skal bidra til aukt forsking, og utdanning og kunnskaps-formidling innan strategisk viktige fagområde for privat og offentleg sektor i regionen. Gåveprofessoratet er gitt for perioden 2020-2024.

Professor Marianne Sørflaten Eikeland er tilsett i stillinga.

Marianne Sørflaten Eikeland

Industriprofessorat - maskinlæring

Eit professorat støtta av Birkelandsinitiativet. Professoratet skal bidra til aukt forsking, og utdanning og kunnskaps-formidling innan strategisk viktige fagområde for privat og offentleg sektor i regionen. Gåveprofessoratet er gitt for fire år i perioden 2019-2023.

 Professor Nils-Olav Skeie er tilsett i stillinga.

Nils-Olav Skeie

Profesjonsfagleg digital kompetanse/Lærings-teknologi

Eit professorat støtta av Birkelandsinitiativet. Professoratet skal bidra til aukt forsking, og utdanning og kunnskaps-formidling innan strategisk viktige fagområde for privat og offentleg sektor i regionen. Gåveprofessoratet er gitt for perioden 2020-2023. 

Førsteamanuensis Toril Aagaard er tilsett i stillinga (professorkvalifiseringsstipend).

Toril Aagaard

Helseinnovasjon og velferdsteknologi

Eit professorat støtta av Birkelandsinitiativet. Professoratet skal bidra til aukt forsking, og utdanning og kunnskaps-formidling innan strategisk viktige fagområde for privat og offentleg sektor i regionen. Gåveprofessoratet er gitt for perioden 2019-2022. 

Professor Etty Ragnhild Nilsen er tilsett i stillinga. 

Etty Ragnhild Nilsen

Innovasjon og entreprenørskap

Eit gåveprofessorat støtta av Sparebankstiftelsene i Telemark (Holla og Lunde, og Grenland) og Sparebank 1 Telemark for perioden 2020-2023.

Professoratet skal bidra til å styrke samhandlinga mellom næringslivet og forskingsinstitusjonar gjennom USN Handelshøyskolens tilbod og fagmiljø på campus Bø.

Professor Martin Falk er tilsett i stillinga.

Martin Falk

Videreutvikling av Ringeriksregionen og campus Ringerike

Gåvemidla er eit bidrag for å styrke kunnskapsbasert nyskaping, næringsutvikling og verdiskaping i regionen, og er finansiert av Sparebankstiftelsen, Sparebank 1 Ringerike/Hadeland, Hønefoss sparebank, økonimiklyngen, industri og eiendomsklyngen, Ringerike, Hole og Jevnaker kommuner.

Midla er fordelt på fleire stillingar:

Universitetslektor Charlotte Haugland Sundkvist er tilsett i ei 100% kvalifiseringsstilling.

Charlotte Haugland Sundkvist
 

Professor Hendrik Lando, Copenhagen Business School, tilsett i professor II stilling

professor Hendrik Lando
 
Førsteamanuensis Ulas Burkay, tilsett i professor II stilling (50%)
Ulas Burkay

Personorientert system-utvikling, lysdesign

Professoratet vil vere eit bidrag i å styrke USNs forskningsportefølje innan smarte byar, digitalisering og autonomi finansiert av Sparebank 1 Stiftelsen BV.

Gåvemidla nyttast til to professor II-stillinger, og delfinansiering av kompetanseheving av ei forskingsstilling.

Professor Sylvia Pont er tilsett i 20% i perioden 2020-2024.  

Sylvia Pont
 
Professor Pramod Bhusal er tilsett i 30% stilling i perioden 2021-2024.
Pramod Bhusal
 

Universitetslektor Are Røysamb, ph.d.-student, finansieres 50% i fire år av gåveprofessoratet.

Are Røysamb

Teknologi for betra folkehelse gjennom tidlig deteksjon av sjukdom

Eit gåveprofessorat finansiert av Sparebank 1 Stiftelsen BV i perioden 2019-2022. 

Professoratets forskingsområde er innanfor mikroteknologi for tidlig deteksjon og diagnose av sjukdommer som kreft gjennom miniatyriserte målemetodar, heriblant prøvetaking, isolasjon og deteksjon av spesifikke små mengder biomarkørar i kroppsvæsker.

Det forventas at tilsetting og oppstart av stillinga skjer i løpet av hausten 2021.

Avatar

Samfunnstryggleik og beredskap

Eit gåveprofessorat støtta av Vestfold og Telemark fylkeskommune for perioden 2019-2022. 

Gåveprofessoratet skal bidra til at Vestfold og Telemark fylke kan bli eit nasjonalt tyngdepunkt innanfor samfunnstryggleik og beredskap, og å utvikle Vestfold og Telemark til «Blålysregionen». Professoratet er knytt til Senter for sikkerhet, krisehåndtering og beredskapsledelse. 

Professor Glenn-Egil Torgersen er tilsett i stillinga.

Glenn-Egil Torgersen

Karriererettleiing

Professorkvalifiseringsstipend i karriererettleiing til førsteamanuensis Roger Kjærgård finansiert av Buskerud fylkeskommune.

Avsluttes våren 2022.

Roger Kjærgård