For Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er det viktig å sikre at våre tilsette, studentar og besøkande ferdast trygt og har eit godt arbeids- og studiemiljø.
Beredskap og tryggleik sit i høgsetet i vårt daglege arbeid, og USN har eit eiga beredskaps- og tryggleiksutval som skal sikre godt samspel mellom informasjonstryggleik, HMS og beredskapsarbeid.
Viss ein krisesituasjon oppstår, kan du kontakte USN på beredskapstelefon 31 00 89 00.
På sikresiden.no får du opplæring og råd om kva du kan gjere førebyggande og i krisesituasjonar. Løysinga er spesielt tilpassa studentar og tilsette på universitet og høgskolar.
Dei svarte ikona gjer informasjon om førebyggande tryggleiksarbeid, mens dei raude ikona gjer råd til akutte situasjonar som vald, trugslar, brann, fyrstehjelp og så bortetter. Informasjonen finst på både norsk og engelsk.
Vi anbefaler alle våre studentar og tilsette å laste ned nettsida sikresiden.no og ha denne lett tilgjengeleg som ein snarveg på mobiltelefonen. Hugs at du alltid må vurdere sjøl kva som er best å gjere i en konkret situasjon.
Du finn også ein snarvei til sikresiden.no i Student Sørøst-appen.
Overordna dokument
Fellesstyret vedtok 18. desember 2015 beredskapsplan for USN, med tilhøyrande retningsliner for beredskap og tryggleik ved USN.