Sidan oppstart av FoUI-ekspert/prosjektutviklar-konseptet hausten 2016 har USN hatt 25 personar tilsette. FoUI-ekspertane kjem frå regional industri og næringsliv, og blir engasjert i ein 20 prosent stilling ved USN.
Det har vore viktigare med god industriell forståing og kjennskap til eiga bedrift enn akademisk bakgrunn og utdanning.
FoUI-ekspertane har samarbeidd med universitetets fagmiljøer for å utvikle forskings-, utviklings- og innovasjonsprosjekt i problemsstillingar som bedrifter ønsker å løyse. Fleire av ekspertane har vore sentrale i utvikling og innhenting av prosjekt av betydeleg storleik frå forskingsråd, EU og andre finansieringskjelder.
I perioden fram til 2020, vart verkemidla FoUI-eksperter, gåveprofessorat og samhandlingsarenaer tatt inn i utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet
Ein vesentleg vekst i USNs eksterne inntekter i 2021 tyder på at verkemidla har bidratt til måloppnåinga.