27

Utviklingsavtalen

Utviklingsavtalen er ei ordning mellom Kunnskapsdepartementet (KD) og statlege høgskolar og universitet. Siktemålet er at institusjonane får ein tydelegare profil. Kvalitet i utdanning og forsking er det overordna målet.

USN (den gongen HSN) inngjekk ein utviklingsavtale med KD i 2016. Måla i avtalen skal realiserast innan våren 2020. Endeleg rapport om måloppnåing skal vera del av årsrapporten frå universitetet for 2019. Rapporten blir gjort ferdig i mars 2020. Første dialog om utviklingsavtalen er etatsstyringsmøtet våren 2018. Denne dialogen kan også gje høve til justeringar i avtalen.

Våre utviklingsmål