Våre strategiske, internasjonale satsingar
USN har sidan 2022 vore medlem av det europeiske nettverket Young European Research Universities (YERUN), den europeiske universitetsalliansen European Digital UniverCity (EDUC) og den felleseuropeiske organisasjonen European University Association (EUA).
Målsetjinga med aktiv nettverksdeltaking er å styrkje kvaliteten innanfor forsking, utdanning og administrative tenester. Deltakinga gir høve til å delta i utvikling av politikk (policy), europeiske mobilitetsordningar, studieprogramsamarbeid, forskingssamarbeid, utvikling av administrative støtteordningar, karriereutvikling, arbeid med open forsking og prosjektsøknader til ulike EU-program. USN er ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å realisere strategien og prioriteringane for nettverka.
Ansvaret for strategisk internasjonalt samarbeid på institusjonsnivå ligg hos eining for analyse, strategi, og verksemdsstyring. Dette inneber utviklingsområde, nettverk, alliansar og forankring av program. USN er i gang med å forme ut ein politikk (policy) for internasjonalt samarbeid, som vil bli sluttført og styrebehandla hausten 2023.
YERUN
Young European Research Universities (YERUN) har som målsetjing å fremje unge universitet i Europa. Nettverket har strategisk representasjon i Brussel, med fokus på lobbyverksemd og felles samarbeid universiteta imellom innan forsking, innovasjon og utdanning. USN deltek i dei organa som tek avgjerdar for nettverket og i ei rekkje tematiske arbeidsgrupper.
EDUC
European Digital UniverCity (EDUC) er ein allianse mellom åtte europeiske universitet og får finansiering frå European University Initatives (EUI) gjennom Erasmus+. EDUC samarbeider også under EUs forskingsprogram Horisont Europa. USN vart fullverdig medlem av alliansen i 2023.
EUA
European University Association (EUA) speler ei avgjerande rolle i Bologna-prosessen og i å påverke EUs politikk for høgare utdanning, forsking og innovasjon. Gjennom kontinuerleg samhandling med ei rekkje andre europeiske og internasjonale organisasjonar, sikrar EUA at den uavhengige stemma til europeiske universitet blir høyrd. USN har vore medlem her sidan 2022.