[English (GB)]

Personar jobber med ulikt utstyr som ein kan finne på ein makerspace. Foto
MAKERSPACE: Forskarar i REFINE-prosjektet frå Ukraina vart introdesert til ulikt utstyr ein kan finne på ein Makerspace i samband med eit besøk på USN. (Foto: EDUC)

Korleis kan skulen bidra til å byggje opp att håp og framtidstru i samfunn som er råka av krig og konflikt? Gjennom prosjektet REFINE-samarbeider forskarar og lærarutdannarar frå Noreg og Ukraina om å utforske korleis kreativ, skapande læring kan styrkje både motstandskraft, samarbeidsevne og tru på framtida.

Korleis kan skulen bidra til å byggje opp att håp, motstandskraft og tru på framtida i samfunn som er råka av krig og konflikt? Det er eit av spørsmåla USN utforskar i lag med vår ukrainske partnar gjennom prosjektet REFINE.

REFINE blir leia av Camilla Groth og Larysa Kolesnyk på USN, i samarbeid med Vasyl Stefanyk Carpathian National University i Ukraina. Prosjektet er støtta med såkornmidler frå EDUC-WIDE.

Bli kjent med USNs europeiske universitetsallianse EDUC- European Digital UniverCity

Prosjektet samlar forskarar, lærarutdannarar og skular frå Noreg og Ukraina i eit felles arbeid for å undersøkje korleis kreative og skapande læringsformer kan styrkje både elevar og lærarar. Målet er ikkje berre å utvikle nye undervisningsmetodar, men også å gje menneske verktøy til å møte utfordringar, samarbeide og sjå moglegheiter i ei usikker framtid.

Læring gjennom skaping

Kjernen i prosjektet er ein pedagogisk metode kalla Invention Pedagogy. Her lærer studentar og elevar gjennom å utforske, skape og utvikle eigne løysingar på reelle utfordringar.

I staden for å arbeide med ferdige fasitsvar, blir deltakarane inviterte til å samarbeide på tvers av fag og perspektiv. Gjennom praktiske prosjekt får dei høve til å undersøkje problemstillingar, utvikle idear og skape konkrete produkt eller løysingar.

Målet er å styrkje kreativitet, kritisk tenking og evna til samarbeid. Dette er eigenskapar som blir stadig viktigare i ei verd prega av raske endringar.

– Når studentar får høve til å skape noko sjølve, utviklar dei ikkje berre fagleg kunnskap. Dei utviklar også tru på eigne evner til å påverke verda rundt seg, seier professor Groth

Å forme framtida

Eit sentralt omgrep i REFINE er det som på engelsk blir kalla worldmaking, tanken om at elevar og studentar ikkje berre skal lære om samfunnet, men også vere med på å forme det.

Gjennom prosjektbaserte aktivitetar blir deltakarane oppmoda til å identifisere utfordringar i samfunnet og utforske korleis desse kan løysast på nye måtar. Slik blir undervisninga knytt tettare til spørsmål om berekraft, demokrati og samfunnsansvar.

For forskarane er dette særleg relevant i konflikt- og etterkrigsområde, der utdanning kan spele ei viktig rolle i gjenoppbygginga av lokalsamfunn og fellesskap.

Samarbeid på tvers av landegrenser

Prosjektet legg stor vekt på samarbeid mellom norske og ukrainske lærarar, forskarar og utdanningsinstitusjonar.

Nyleg besøkte ei gruppe ukrainske lærarutdannarar og forskarar Noreg for å delta på verkstader og faglege samlingar saman med norske kollegaer. Her delte dei erfaringar frå eigne utdanningssystem, diskuterte utfordringar og utforska kreative læringsmetodar i fellesskap.

Samtidig skjer mykje av samarbeidet digitalt. Gjennom nettmøte, felles aktivitetar og virtuelle verkstader held deltakarane kontakten gjennom heile prosjektperioden.

Prosjektgruppa ønskjer også å skape møteplassar mellom elevar i dei to landa. Mellom ideane som blir utforska, er digitale møte, brevutveksling og utstillingar som kan synleggjere elevprosjekt på tvers av landegrenser.

Makerspaces som læringsarena

Ein viktig del av prosjektet er bruk av såkalla makerspaces, kreative læringsmiljø der deltakarane kan eksperimentere, bygge, programmere og utvikle eigne idear.

Slike miljø er framleis lite utbreidde i ukrainske skular. Derfor spelar frivillige organisasjonar ei viktig rolle i å tilby både utstyr og kompetanse.

På sikt ønskjer REFINE å utvikle fleksible og mobile løysingar som kan gjere det enklare for fleire skular å ta i bruk denne typen læringsmiljø.

Samtidig arbeider prosjektet tett med lærarutdanningane for å sikre at metodane kan vidareførast også etter at prosjektperioden er avslutta.

Kreative løysingar på framtidas utfordringar

Sjølv om prosjektet framleis er i ein tidleg fase, ser forskarane allereie teikn til positive resultat.

Deltakarane rapporterer om auka kreativitet, sterkare samarbeidsevner og større tryggleik i arbeidet med å utvikle eigne læringsopplegg. Mange trekkjer fram verdien av å lære gjennom praktisk arbeid og utforsking framfor tradisjonell undervisning.

Eit døme frå verkstadene var utfordringa: «Finn ei løysing på ei berekraftsutfordring i den ukrainske skulen i år 2100.»

Som svar utvikla deltakarane eit Digital Detox-spel som tek opp utfordringar knytte til skjermbruk og sosial berekraft blant unge. Spelet inviterer til refleksjon kring balansen mellom det digitale og det sosiale livet, men kan også tilpassast andre berekraftstema.

Gjennom prosjekt som dette, undersøker REFINE korleis kreativitet og samskaping kan bidra til å styrkje fellesskap, utvikle motstandskraft og gje unge menneske tru på at dei kan vere med på å forme framtida.

Om REFINE-prosjektet:

REFINE – Rebuilding Futures: Empowering Educators and Students Through Cross-Border Collaboration and Invention Pedagogy

Prosjektet er støtta med såkornmidler frå EDUC-WIDE.

Bli kjent med USNs europeiske universitetsallianse: EDUC- European Digital UniverCity