How European University Alliances Can Transform Secondary School-University Cooperation

EDUC-logo ved siden av teksten Policy Brief No. 1

Korleis kan vi gjere vegen inn i høgare utdanning enklare og meir inkluderande? Ein ny policy brief frå EDUC peikar på tettare samarbeid mellom vidaregåande skular og universitet som ein viktig del av løysinga.

Forsiden til EDUC Policy Brief No. 1Ein ny policy brief frå EDUC undersøker korleis tettare samarbeid mellom vidaregåande skular og universitet kan gi fleire unge ein enklare veg inn i høgare utdanning. Samstundes kan det gjere læringsmoglegheiter meir tilgjengelege og inkluderande – og bidra til å byggje eit sterkare og meir framtidsretta europeisk utdanningsområde.

Les policy briefen: Enhancing European University Alliances' Collaboration with Upper Secondary Education (.pdf)

Publikasjonen er den første i den nye serien EDUC Policy Briefs. Her blir det vist korleis skular og universitet kan samarbeide for å fremje livslang læring, styrkje digitale og interkulturelle ferdigheiter og hjelpe unge med å møte stadig meir samansette utdannings- og samfunnsutfordringar.

Policy briefen byggjer på innsikter og diskusjonar frå det digitale arrangementet Policy Briefing on European Universities and Collaboration with Secondary Schools.

Meir enn rekruttering

Samarbeid mellom skular og universitet blir ofte knytt til rekruttering av framtidige studentar. Policy briefen peikar på at potensialet er langt større enn som så.

Gjennom felles prosjekt, lærarutvikling, mobilitetsordningar og delte læringsarenaer kan skular og universitet bli langsiktige samarbeidspartnarar i arbeidet med å møte utfordringar knytte til mellom anna utdanningsulikskap, digital omstilling, sosial inkludering og overgangen til høgare utdanning.

Publikasjonen viser òg korleis dei europeiske universitetsalliansane har ei særleg viktig rolle å spele. Gjennom felles strukturar og internasjonale nettverk kan dei knyte saman institusjonar, regionar og land på tvers av Europa.

Britta van KempenPolicy briefen er ein del av EDUC sitt arbeid med samfunnskontakt og samfunnsansvar. Ifølgje Britta van Kempen, leiar for EDUC og visepresident for utdanning ved det koordinerande universitetet i Potsdam, er samarbeid på tvers av utdanningsnivå heilt sentralt:

– Sjølv om arbeidet i skulen er forankra lokalt, er det nyttig å løfte blikket mot Europa. Mange av utfordringane vi står overfor, kan vi løyse betre saman. Vi kan ikkje starte tidleg nok med å opne verda for morgondagens vaksne og vekkje interessa deira for å utforske ho. Samstundes kan skular og universitet lære mykje av kvarandre gjennom felles arbeid med faglege og pedagogiske utfordringar, seier van Kempen.

Eit «tredje rom» for samarbeid

Eit av dei sentrale omgrepa i policy briefen er idéen om det såkalla Third Room, eller «det tredje rommet». Dette er ein samarbeidsarena der skular og universitet møtest som likeverdige partnarar for å finne løysingar på felles utfordringar.

I staden for å sjå på skular som rekrutteringsarenaer for framtidige studentar, legg modellen til rette for at lærarar, forskarar, studentar og beslutningstakarar kan utvikle nye løysingar saman.

Mette BuntingDosent i pedagogikk Mette Bunting ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), har bidrege med si forsking på Third Room-modellen, og ho meiner denne typen samarbeid er avgjerande:

– Altfor ofte møtest skular og universitet berre i overgangane mellom utdanningsnivå. Third Room utfordrar oss til å tenkje annleis. Her skaper vi ein felles arena der lærarar, forskarar, studentar og lokalsamfunn kan samarbeide som likeverdige partnarar om utfordringar ingen institusjon kan løyse åleine, seier Bunting.

Policy briefen argumenterer for at slike samarbeidsarenaer kan styrkje utdanningsøkosystema i Europa, fremje gjensidig læring og leggje grunnlaget for varige partnarskap.

Sju tilrådingar til europeiske universitetsalliansar

Med utgangspunkt i diskusjonane frå EDUC Roundtable Policy-Briefing on European Universities and Collaboration withSecondary Schools i januar 2026 presenterer publikasjonen ei rekkje konkrete tilrådingar for vidare arbeid.

Blant forslaga er:

  • utvikle felles rammeverk for samarbeid med vidaregåande skular
  • etablere strukturerte «Third Room»-arenaer
  • styrkje etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar
  • satse meir på STEM-fag og digital kompetanse
  • støtte elevar frå sårbare og underrepresenterte grupper
  • leggje til rette for samskaping i utvikling av utdanningstilbod
  • byggje kulturell og sosial kapital gjennom samarbeidsprosjekt

Publikasjonen peikar òg på potensialet i mikroemne (engelsk: micro credentials), virtuelle utvekslingsprogram, forskarinvolvering og internasjonalt samarbeid som verkemiddel for å styrkje koplinga mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning.

Ei felles europeisk utfordring

Europa står overfor raske teknologiske, sosiale og miljømessige endringar. Policy briefen understrekar at ansvaret for å førebu unge på framtida ikkje kan liggje hos skular eller universitet åleine.

Det krev langsiktig samarbeid på tvers av utdanningsnivå for å fremje livslang læring, sikre inkludering og gi unge den kompetansen, sjølvtilliten og motstandskrafta dei treng i eit stadig meir samankopla samfunn.

EDUC sitt arbeid med samfunnskontakt blir leia av Universitetet i Søraust-Noreg. Heidi Tovsrud Knutsen, institusjonell koordinator for EDUC ved USN, meiner tettare samarbeid mellom skule og universitet er heilt avgjerande:

– Dersom vi ønskjer eit verkeleg samanhengande europeisk utdanningsområde, kan ikkje samarbeidet starte først når studentane kjem til universitetet. Det må begynne tidlegare. Gjennom samarbeid med skular kan alliansar som EDUC bidra til å førebu unge på vidare studium, framtidige arbeidsliv og aktiv deltaking i samfunnet.

Publikasjonen er ein del av EDUC sitt arbeid for å styrkje kunnskapsbaserte diskusjonar om framtida til høgare utdanning og universiteta si rolle i samfunnet.

– Framtida til europeisk utdanning blir ikkje bygd av universiteta åleine, og heller ikkje av skulane åleine. Ho blir skapt gjennom samarbeid. Det er hovudbodskapen i denne policy briefen, seier Knutsen.