Hungarian EDUC Research Fellow Tackles Real-World Uncertainty in Norway

En kvinne og en mann poserer foran en USN-logo
FORSKINGSSTIPEND: Masterstudent Rama Al-Zeer fra PTE sammen med førsteamanuensis Hadi Amlashi fra USN.

Ungarske Rama Al-Zeer er på forskingsopphald på USN. Arbeidet hennar er retta mot robust utforming av vindturbinblad under reelle og usikre vindforhold.

Gjennom EDUC-WIDE Research Fellowship-programmet er masterstudent Rama Al-Zeer frå EDUC-partnar Universitetet i Pécs (PTE) i Ungarn i gang med eit månedslangt EDUC-forskingstipend, som skjer på Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi på USN.

EDUC-WIDE

EDUC-WIDE (educalliance.eu)

  • er forskings- og innovasjonsdelen av EDUC
  • tek i bruk verktøy som skal forsterke tverrfagleg samforsking
  • utforskar måtar å eskalere teknologioverføringa på innan ulike område, frå IKT til samfunnsvitskap og humaniora
  • jobbar med ein langsiktig plan som tek opp sentrale, globale utfordringar
  • skal sjå til at borgarar, særleg ungdom, blir engasjert i vitskap
  • gjev næring til entreprenørielle tankesett blant studentar og forskarar
  • er finansiert gjennom the European Excellence Initiative (EEI) og følgjer Horizon Europe-finansieringa, som gjorde EDUC-alliansens forskings- og innovasjonspilot, EDUC-SHARE, mogleg
  •  

USN-tilsette kan lese meir om EDUC-WIDE på min.usn.no

Alle kan lese meir om EDUC-WIDE 

Under opphaldet på USN campus Porsgrunn er Al-Zeer knytt til Renewable Energy and Advanced Construction Technologies Laboratory (REACT-Lab).

Her arbeider ho tett saman med førsteamanuensis Hadi Amlashi for å vidareutvikle masteroppgåva si, som handlar om robust optimalisering av geometrien til vindturbinblad.

Tek omsyn til reell usikkerheit

– Tradisjonell ingeniørvitskap tek ofte utgangspunkt i best mogleg-scenario. I røynda varierer vindhastigheitene heile tida. Dersom vi ikkje tek omsyn til denne usikkerheita, kan løysingane fungere dårlegare enn forventa, seier førsteamanuensis Hadi Amlashi.

Prosjektet til Al-Zeer har tittelen Simplified Robust Optimization of Horizontal Axis Wind Turbine Blade Geometry Under Environmental Uncertainty Using Open-Source Tools, og tek direkte opp ei utfordring som er relevant for industrien.

– I praksis betyr dette å utvikle vindturbinblad som ikkje berre er effektive, men òg økonomisk berekraftige under dei skiftande forholda ein møter i den verkelege verda, forklarar Al-Zeer.

Ved hjelp av eit rammeverk basert på programmeringsspråket Python (snl.no) og open kjeldekode, utviklar ho ein modell som reduserer variasjon i Levelized Cost of Energy.

Levelized Cost of Energy (LCOE)

Levelized Cost of Energy (LCOE) er ein økonomisk målemetode som viser gjennomsnittskostnaden for å produsere energi gjennom levetida til eit anlegg eller energisystem, fordelt på all energi som blir produsert i denne perioden. Det inkluderer alle relevante kostnader som investering, drift og vedlikehald, og gir ein standardisert måte å samanlikne ulike energiteknologiar på ein lik basis

Gjer det mogleg å teste nye idear

Forsking­sopphaldet kjem som eit resultat av sterkt samarbeidet mellom USN og EDUC. Amlashi peikar på at internasjonal mobilitet bidreg positivt til det faglege miljøet ved REACT-Lab.

– Arbeidet til Rama passar svært godt inn i oppdraget vårt. Vi arbeider med berekraftig vidareutvikling av designmetodar for å bidra til avkarbonisering. Gjennom data­drivne og fysikk­informer­te modellar ønskjer vi å betre analysane våre. Det å ha ein dedikert forskar som arbeider spesifikt med robustheit i bladgeometri, gjer det mogleg å teste nye idear som på sikt kan kome industrien til gode, seier Amlashi.

EDUC-WIDE Fellowship-programmet legg til rette for at studentar og forskarar kan flytte mellom partnaruniversiteta og slik styrkje samarbeid og kunnskapsutveksling i Europa.

Al-Zeer er ved USN i perioden 6. januar til 5. februar 2026, og er i denne perioden knytt til Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi på campus Porsgrunn.

Fotograf: EDUC-WIDE. Logo

EDUC-WIDE Fellowship Programme

EDUC-WIDE Fellowship Programme legg til rette for at studentar og forskarar kan flytte mellom partnaruniversiteta og slik styrkje samarbeid og kunnskapsutveksling i Europa.

Rama Al-Zeer er ved USN i perioden 6. januar til 5. februar 2026, og er i denne perioden knytt til Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi på campus Porsgrunn.