Kvar februar blir campus Rauland sett på hovudet når Vinterfestivalen på Rauland fyller USNs høgstliggande campus med liv. Festivalen er eit dugande kulturpunkt med konserter, verksted, panelsamtalar og forskingsformidling innan folkemusikk eller folkekunst, folkedans og tradisjonskunst.
I år tok festivalen eit steg vidare gjennom etableringa og første gjennomføring av EDUC Winter School: Norwegian Traditional Music, Art and Dance Week, som knytter eit studiepoenggivande emne til festivalen – og opnar det for universitetspartnarar i EDUC-alliansen og andre internasjonale institusjonar.

Ny sjanse i 2027
Interessa var langt større enn forventa: 50 studentar søkte på 20 ledige plassar berre i løpet av to veker.
Etter suksessen i år – og den store interessa frå studentar internasjonalt – blir vinterskulen arrangert att i 2027, med vidare utvikling av fagleg innhald og internasjonale komponentar.
Med fulle verksted, sosiale dansar, konserter og snødekte fjell som bakteppe har vinterskulen i Rauland vist at det er fullt mogleg å kombinere kulturarv, kunstnarisk praksis og akademiske studiepoeng.

På nært hald
Dette var første gong mange av deltakarane besøkte landet og fekk oppleve norske tradisjonar på nært hald.
– Eg er begeistra over å vere her, og imponert over dette stedet. Studia våre i Frankrike er meir teoretiske; her er det enormt mykje praktisk arbeid, seier Nicolas Préuôt (parisnanterre.fr) frå Université Paris Nanterre (UPN), som hadde med seg seks studentar.
Alle EDUC-studentane fekk stipend for å delta.
– Det er sjeldan ein får stipend til noko slikt, så dette var ein sjanse eg ville gripe, seier Gustav Vermot, som studerar musikkantropologi på UPN.
Han held fram vikingkjeda han laga i metallverkstaden:
– Vi lærer om norsk kultur og ulike teknikkar. Eg skal vere med på workshops i både kunst, musikk og dans.

– Vrient, men moro
Medstudent på UPN, Dylan Alberi, kjem opprinneleg frå Guadeloupe, og han kom særleg tilbake med gode minne frå nestlefiber-verkstaden:
– Vrient, men moro å oppdage nye ting – og nyttig å kunne. Eg kjenner att teknikken frå tradisjonar i mitt heimland, der dei brukar vacoa-blad til kurvfletting. Eg elska folkedansen – akrobatikken er fantastisk. Og eg likar snøen!
Studentar frå Universitetet i Pécs i Ungarn vart ovverraska over unike Rauland:
– Vi likar tradisjonell kunst veldig godt. Vi har aldri sett ein stad som dette før, der tradisjonane er så til stades, seier Brigitta Bíró.
– Metallverkstaden var utmerka. Eg kjem absolutt til å bruke det vi lærte der, legg Rácz Zsófia Judit til.

Frå festival til studiepoeng
Før dei reiste til Norge, deltok studentane på to digitale forelesingar. Under festivalveka fekk dei i tillegg eigen undervisning tilpassa gruppa, samtidig som dei deltok på festivalens ordinære kurs og aktivitetar. Flere av kursa blei halde på engelsk for å sikre god deltaking.
Ifølgje leiar for USN Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Andrea Kasbo Rygh, er tanken bak vinterskulen å slå fleire fluger i eitt smekk:
– Gjennom å knyte eit studiepoenggivande emne til festivalen kan vi invitere studentar frå partnerinstitusjonane til å ta studiepoeng samtidig som dei deltar i det spennande akademiske og kunstnariske miljøet. Dette styrker både EDUC-alliansen og dei internasjonale samarbeida våre.
Læring i desse fagområda handlar mykje om å delta aktivt – i dans, musikk, handverk og kunstnariske praksisar. Utvekslinga mellom studentar frå ulike land er eit viktig moment når ein jobbar med kulturarv og tradisjonell kunnskap.
Etter festivalen leverte studentane ein refleksjonslogg som eksamen – anten som tekst eller video.

Byggjer nettverk
Festivalen vart òg ei møteplass for tilsette. USN presenterte fagtilboda sine, og besøkjande undervisarar frå UPN og PTE delte informasjon om eigne studietilbod og framtidige samarbeidsmoglegheiter. Tilsette frå Universitetet i Limerik (UL), Syddansk Musikkonservatorium (SDMK) og Kungliga Musikhögskolan i Stockholm deltok òg, saman med representantar frå USNs internasjonale avdeling.
