– Det er viktig at alle ved USN kan bruke KI. Det kommer til å prege alt vi gjør, sier professor Olaf Hallan Graven på Institutt for industriell økonomi, strategi og system, som også er leier av universitetets KI-råd.
USNs arbeid med kunstig intelligens er samla på eigne nettsider som gir ein heilskapleg oversikt over policy-dokument, rettleiing, verktøy og støtte for ansvarleg bruk av KI i utdanning, forsking og administrasjon.
Besøk USNs KI-sider for ein fullstendig oversikt: Kunstig intelligens - Universitetet i Sørøst-Norge
KI i alliansen
Artikkelen du no les, følgjer opp eit initiativ frå vår ungarske partner, Universitetet i Pécs (PTE), for å dele praksis innan KI på tvers av, og utover, alliansen vår.
LES OGSÅ: How Does the University in Pécs Manage Artificial Intelligence (educalliance.eu)
– Vi ser den største merverdien av EDUC-alliansen som en felles europeisk arena for å utvikle en ansvarlig, kritisk og fremtidsrettet bruk av KI i høyere utdanning, seier Graven.
For USN er dette særleg verdifullt fordi det byggjer vidare på etablerte samarbeidsformer frå VINST-alliansen (hvl.no), der USN samarbeider med tre andre norske flercampusinstitusjonar om utdanning, forsking og regional utvikling.
– Erfaringene fra VINST viser at strukturert samarbeid mellom institusjoner skaper reell verdi, ikke bare gjennom idéutveksling, men gjennom praktisk samarbeid, gjensidig læring og felles kompetansebygging, seier Graven.
USNs europeiske universitetsallianse EDUC – European Digital UniverCity, gir USN moglegheit til å vidareutvikle dette arbeidet i ein breiare europeisk kontekst.
– Gjennom EDUC-alliansen kan vi utvikle felles tilnærminger til KI i utdanning, forskning og administrasjon, i en europeisk kontekst samtidig som vi lærer av ulike nasjonale, regulatoriske og institusjonelle rammer, sier Graven.
KI-råd
Rådet for kunstig intelligens (KI-rådet) på USN vart etablert i 2024 som eit viktig grep for å styrkje ein meir koordinert tilnærming til KI. Rådet sitt mandat er å gje faglege råd om prioriteringar og ansvarleg bruk av KI i forsking og utdanning, og samstundes bidra til eitisk forsvarleg og samfunnsansvarleg bruk på tvers av fagområde.
Rådet fungerer òg som ein pådrivar i utviklinga av USNs KI-politikk og gjev råd om nye verktøy og retningsliner. Rådet hadde sitt første møte tidleg i 2025 og består av fem faglege medlemmar med kompetanse innan KI-relaterte felt frå alle fakultet, samt tre representantar frå fellesadministrasjonen.
Medlemmane bidreg med si fagkompetanse og representerer ikkje sine respektive einingar.
Retningsliner
Policy for bruk av kunstig intelligens ved USN (.pdf) er utvikla av KI-rådet på oppdrag frå rektoratet og vedteken av universitetsstyret 17. juni 2025. Desse retningslinene blir no implementerte og vil bli jamleg evaluerte og reviderte for å halde tritt med teknologisk utvikling og endringar i regelverk.
Målet med policy-dokumentet er å leggje til rette for bruk av KI i utdanning, forsking og administrasjon, samstundes som akademisk integritet, personvern, informasjonstryggleik og etisk ansvar vert ivareteke.
Dei etiske prinsippa er integrerte i policy-dokumentet og speglar fleire av prinsippa frå dei såkalla Living guidelines on the responsible use of generative AI in research (europeanheritagehub.eu)
Forordet i USNs KI-policy slår fast:
«Kunstig intelligens (KI) er ein av vår tids mest gjennomgripande og transformative teknologiar. USN vil møte utviklinga med fagleg styrke og samfunnsansvar, og arbeide for at ansvarleg utvikling og bruk av KI kan styrkje kunnskap, læring og samfunnsutvikling.»
– Retningslinjene framhever teknologiens potensial, men understreker at den må brukes kritisk, transparent og under menneskelig kontroll. Den peker også på en bredere ambisjon: å bygge KI-kompetanse blant ansatte og studenter, integrere relevant KI-kunnskap i studieprogram, støtte ansvarlig bruk i forskning og sikre at bruk i administrasjonen skjer under menneskelig kontroll, ikke gjennom ukritisk automatisering, seier Graven.
I tillegg har USN utvikla eigne retningsliner for bruk på eksamen og i studentoppgåver, i tillegg til ei ressursside for undervisarar om bruk av KI i utdanning: Læring, undervising og vurdering med KI - edu.usn.no
Involvering av tilsette
Sidan 2024 har USN hatt eit ope KI-nettverk (KI-forum) for alle tilsette. Dette er ein uformell og tilgjengeleg arena for erfaringsdeling, organisert som eit eige område i Microsoft Teams. Her kan tilsette dele erfaringar, stille spørsmål og diskutere KI i undervisning, læring, vurdering, forsking, administrasjon og digitale reiskap.
Per april 2026 nærmar forumet seg 600 medlemmar.
Det er òg etablert ei tverradministrativ arbeidsgruppe med representantar frå ulike administrative einingar. I tillegg til å fasilitere KI-forumet, har gruppa ansvar for å koordinere KI-aktivitetar på tvers av organisasjonen og støtte innføringa av KI i administrasjonen. Kvar månad arrangerer gruppa opne nettseminar om ulike tema, der undervisarar og forskarar deler erfaringar med bruk av KI. Desse arrangementa er godt besøkte, og opptak blir tilgjengelege for alle tilsette via KI-forumet.
Læring og opplæring
I januar 2026 lanserte USN «KI i studiene», ein tverrfagleg læringsressurs om ansvarleg bruk av KI. Den er tilgjengeleg for både studentar og tilsette via læringsplattformen Canvas LMS, på både norsk og engelsk.
Ressursen vart utvikla på oppdrag frå prorektor for utdanning, gjennom ein samskapingsprosess leia av eining for digitalisering og utdanningskvalitet (eDU) på USN. Over 20 bidragsytarar deltok, mellom anna frå universitetsbiblioteket, KI-rådet, USN Akademisk Skrivesenter, kommunikasjonsavdelinga, eDU sitt medieteam, universitetets juridiske tenester og studentorganisasjonen.
Ressursen består av tre obligatoriske modular med kviss, som dekkjer grunnleggande KI-forståing, verktøy og datasikkerheit, samt ansvarleg bruk i akademisk arbeid. I tillegg finst tre supplerande modular om akademisk skriving, ofte stilte spørsmål og fagspesifikke råd til undervisarar.
Kvart studieprogram har i tillegg ansvar for å gje studentane opplæring i ansvarleg bruk av KI.
Det finst òg fleire emne, særleg innan teknologifaga, som tek for seg bruk av ulike typar KI-teknologi. Innafor informatikk og programvareutvikling blir det òg tilbydd kurs på bachelor- og masternivå om korleis KI fungerar og korleis slike system vert utvikla.
Utdanning og integrasjon
USN arbeider for å balansere bruk av KI i undervisninga med omsyn til akademisk integritet og plagiatproblem. Dette vert gjort gjennom ein kombinasjon av tilgang til verktøy, tydeleg rettleiing og klare forventningar til ansvarleg bruk. Fleire verktøy er gjort tilgjengelege for alle studentar, mellom anna Microsoft Copilot, Sikt KI-chat, Keenious og ulike transkripsjonsverktøy. Desse vert rekna som tryggare alternativ enn mange opne forbrukartenester, både fordi dei gir betre institusjonell kontroll og fordi dei legg til rette for open diskusjon om bruk i ein utdanningskontekst.
– Ved å ta opp bruk av KI direkte med studentene, ønsker vi å utvikle kritisk dømmekraft, åpenhet og ansvarlig akademisk praksis, i stedet for å behandle KI som noe som bare skal forbys eller ignoreres, seier KI-rådsleiar Graven.
Samtidig understrekar han at KI skaper reelle utfordringar:
– Det er fortsatt en utfordring å skille tydelig mellom legitim støtte og uakseptabel erstatning av studentens eget arbeid, og å sikre at vurderingsformer fortsatt tester relevant kunnskap, ferdigheter og selvstendig tenkning.
Styrking av KI-kompetanse
Arbeidet med KI-kompetanse skjer ikkje berre gjennom formelle retningsliner, men òg gjennom kontinuerleg formidling og dialog på tvers av universitetet. Medlemmer av KI-rådet bidreg aktivt, både gjennom sitt arbeid i rådet og gjennom sine faglege roller i organisasjonen. Dei løfter problemstillingar knytt til KI, held presentasjonar, deler erfaringar og diskuterer ansvarleg og praktisk bruk i møte, seminar og verkstad med administrative og teknisk-administrative tilsette, mellom anna innan kommunikasjon, opptak og andre støttefunksjonar.
Den same tilnærminga blir òg brukt breitt i fagmiljøa og i aktivitetar retta mot studentar. Målet er at utvikling av KI-kompetanse skal vere ein integrert del av universitetets daglege verksemd, og ikkje eit eige initiativ.
USN tilbyr ei rekkje ressursar og aktivitetar for å støtte bruk av KI i utdanning. Dette inkluderer ei eiga ressurs-side for tilsette og studentar om KI i undervisning, læring og vurdering, samt ein KI-modul i universitetspedagogisk program. I tillegg finst intranettsaker om KI og vurdering, eksamensregelverk og relaterte tema, samt ein serie ed nettseminar om bruk av KI-verkty i undervising, læring, vurdering og forsking. Det er òg gjennomført verkstad for tilsette i fleire studieprogram for å støtte praktisk bruk av KI i undervising og vurdering.
– Trass i mange opplæringstiltak har USN framleis ikkje fullstendig oversikt over alle aktivitetane, til dømes kva som er gjennomført i ulike einingar, og kva kompetansebehov som vil vere viktige framover. Difor diskuterer både KI-rådet og den tverradministrative arbeidsgruppa jamleg kva KI-kompetansar som trengst, og korleis læring best kan tilretteleggast, både for tidlege brukarar og for dei som er meir tilbakehaldne, seier Magnus Skytterholm Egan på vegner av arbeidsgruppa.
KI på nettsider
Universitetsbiblioteket har utvikla ein portal kalla Berekraftsportalen (førehandstestfase). Verktøyet gjer det mogleg å koble forskarane sine publikasjonar opp mot FNs berekraftsmål. Publikasjonane blir henta frå det nasjonale forskingsinformasjonssystemet Cristin, klassifiserte ved hjelp av KI, og brukarane kan sjølv justere kor sterkt ein publikasjon skal knytast til dei ulike måla.
Dette vil vere nyttig ikkje berre for USN, men òg for andre universitet, større forskingsprosjekt og journalistar eller andre som ønskjer oversikt over kva USN har publisert innan område som likestilling, rein energi og klima.
USN tek òg i bruk KI for å forbetre både nettsøk og redaksjonelle arbeidsprosessar.
Søkefunksjonen på usn.no er under utvikling, og vil etter kvart kunne gi brukarane eit KI-generert samandrag øvst i søkeresultata.
– Dette vil gjere det enklare å finne raske og relevante svar, særleg når ein leitar etter spesifikk informasjon, seier Sveinung Grande, leiar for nettredaksjonen i kommunikasjonsavdelinga på USN.
Samtidig vil brukarane verte gjort merksame på at KI-genererte svar kan innehalde feil, og bør brukast som eit supplement til anna innhald på nettsida.
I tillegg er det integrert ein KI-assistent i publiseringsverktyet som blir brukt til å lage og forvalte nettsideinnhald. Den hjelper redaktørar med å skrive, forbetre og omsetje tekst, men forutset medviten bruk og redaksjonelt skjønn for å sikre kvalitet.
– Samla bidreg dette til ei betre brukaroppleving og meir effektive arbeidsprosessar, samtidig som det understrekar viktigheita av redaksjonell kontroll og kvalitet, seier Grande.
Å nå ut til samfunnet
USN arbeider aktivt for å auke kunnskapen om KI i samfunnet, både når det gjeld moglegheiter og utfordringar. Dette skjer gjennom deltaking i offentleg debatt, fagleg dialog og samarbeid på arenaer der akademia, næringsliv, offentleg sektor og samfunn møtest.
– Målet vårt er ikke bare å vise hva KI kan brukes til, men også å øke bevisstheten rundt utfordringer knyttet til etikk, personvern, transparens, skjevheter, sikkerhet og ansvarlig bruk, seier Graven på vegner av USNs KI-råd.
USN bidreg gjennom foredrag, debattar og formidlingsaktivitetar på nasjonale og regionale arenaer som Kongsberg Agenda og Arendalsuka, der fagmiljøa deltek i diskusjonar om KI, industriutvikling, berekraft, utdanning og samfunnsutvikling.
I tillegg arrangerer og deltek USN i ei rekkje verkstader og møte, både gjennomførte og planlagde, i samarbeid med næringsliv, offentleg sektor og andre aktørar. Her blir erfaringar og kunnskap delte, og det vert lagt til rette for ei meir nyansert forståing av korleis KI kan takast i bruk på ein ansvarleg måte i ulike delar av samfunnet.
Denne aktiviteten er òg tett knytt til forsking og fagutvikling ved USN innan område der KI spelar ei stadig viktigare rolle, som industri, helse, energi, cybersikkerheit, autonome system, fjernlaboratorium og digital transformasjon.
– Gjennom forskning, formidling og samarbeid med eksterne partnere ønsker vi å bidra til en bredere og mer balansert forståelse av KI i samfunnet, seier Graven.
