Er du interessert i å formidle vitskap og ønskjer hjelp til korleis du kan gjere det og kvar du skal starte? Dette asynkrone, sjølvstyrte nettkurset Introduction to Science Communication er ein perfekt stad å byrje.
Kurset er særleg tilrådd for vitskapleg tilsette, ph.d.-kandidatar og forskingsstøttepersonell.
Dette er eit asynkront og sjølvstyrt læringstilbod, slik at du kan ta kurset når det passar deg. Når kurset er fullført, får du eit EDUC-sertifikat.
Korleis og når melder du deg på?
Kurset opnar 1. februar 2026 og er ope til 10. desember 2026, og du kan melde deg på når som helst i denne perioden.
Les meir og meld deg på via EDUC Alliance - Course Catalogue (courses.educalliance.eu)
Bruk sjølvregistreringsnøkkelen «sci-comm-26» for å melde deg på. Etter at du har fylt ut startspørjeskjemaet, får du full tilgang til kurset.
Kva handlar kurset om?
Du får innblikk i kva vitskapskommunikasjon kan vere i praksis. Nettkurset består av 6 modular og éi bonusførelesing:
-
Modul 1: Introduction to Science Communication
-
Modul 2: Communicating Science Towards Professional Public
-
Modul 3: Communicating Science Towards General Public
-
Modul 4: Practical Formats of Science Communication
-
Modul 5: Social Networks in Science Communication
-
Modul 6: Media og vitskap
-
Bonus: Get Started! Researcher’s Visibility
Læringsutbyte
Etter fullført kurs vil du:
-
forstå kva vitskapskommunikasjon er, og kvifor det er ein viktig overførbar dugleik
-
vere kjende med ulike format og målgrupper
-
kunne identifisere sentrale mål og utfordringar ved effektiv formidling av vitskapleg informasjon
-
har ei heilskapleg forståing av prinsippa og praksisen innan vitskapskommunikasjon
-
vere rusta til å formidle vitskapleg kunnskap på ein tydeleg og målretta måte
Kven kan melde seg på?
Kurset er ope for alle tilsette og studentar ved universitet i EDUC-alliansen, men er særleg eigna for:
-
vitskapleg tilsette
-
ph.d.-kandidatar
-
forskingsstøttepersonell
Gode engelskkunnskapar er naudsynt for å forstå innhaldet i kurset
Lokale kreftar
- Professor Helle K. Falkenberg har bidrege med filmen «Enhance your Science Communication: Harnessing the Power of Facebook and LinkedIn».
- Professor Jan Erik Grindheim har bidraegemed to filmar: «Science and Media» og «Communicating science in different social contexts».
