Med om lag 4,27 millionar euro frå Europakommisjonen si satsing European Universities initiative - European Education Area til dei åtte partnaruniversiteta dei neste to åra, kan EDUC-alliansen halde fram med å utvikle det europeiske samarbeidet vidare.
Kva er EDUC?
EDUC, European Digital UniverCity, er ein europeisk universitetsallianse der Universitetet i Søraust-Noreg (USN) samarbeider med sju andre universitet i Europa.
Alliansen er ein del av Europakommisjonen si satsing European Universities initiative - European Education Area, som skal gjere det enklare for studentar, undervisarar, forskarar og tilsette å lære, undervise, forske og samarbeide på tvers av landegrenser.
Gjennom EDUC får studentar og tilsette tilgang til fleire internasjonale moglegheiter, mellom anna digitale emne, sommarskular, språkkurs, kortare utvekslingar, forskingssamarbeid og faglege nettverk.
EDUC består av åtte partnaruniversitet i sju land: Noreg, Tyskland, Frankrike, Italia, Spania, Tsjekkia og Ungarn.
For USN er EDUC eit viktig verktøy for å styrkje internasjonalt samarbeid og gi fleire studentar og tilsette tilgang til europeiske lærings- og forskingsarenaer.
Les meir:
Les også: EDUC: Konkrete resultat frå ein europeisk universitetsallianse i rørsle
Den nye perioden skal særleg brukast til å byggje vidare på det alliansen allereie har fått til, og til å gjere den strategiske profilen endå tydelegare. Partnaruniversiteta skal vidareutvikle samarbeidet i Europa og samstundes styrkje tilboda til studentar, undervisarar, forskarar og administrativt tilsette.
Viktige satsingar blir innovative undervisnings- og læringsformer, digital utdanning, virtuell mobilitet og vidare utvikling av felles studieprogram på tvers av landegrenser. EDUC skal òg styrkje koplingane mellom utdanning og forsking, skape fleire moglegheiter for tilsette og utvikle samarbeidet med regionale aktørar.
– Denne finansieringa er ei viktig anerkjenning av arbeidet som blir gjort i EDUC, og av bidraget alliansen gir til europeisk høgare utdanning, seier EDUC-leiar Britta van Kempen (unipotsdam.de), som òg er Vice-President for Educational and European Affairs på Universitetet i Potsdam, som kooridnerer EDUC.
– Alliansen byggjer på eit sterkt institusjonelt engasjement frå alle partnarane våre. Målet vårt er at EDUC skal bli ein integrert del av eit robust europeisk system for høgare utdanning. Det bidreg vi til ved å vere ein modell for både digital og fysisk mobilitet, og ved å setje samfunnsansvar i sentrum for arbeidet vårt. I ei tid med økonomiske utfordringar er denne EU-støtta uvurderleg. Ho gjer det mogleg for oss å byggje vidare på det vi har oppnådd, og ta neste steg mot eit verkeleg europeisk utdannings- og forskingsområde.

Ein meir strategisk fase for EDUC
I den komande perioden blir alliansen organisert i sju arbeidspakkar. Kvar arbeidspakke blir koordinert av eitt av partnaruniversiteta.
Samanlikna med inneverande finansieringsperiode legg den nye fasen større vekt på tyderelege prioriteringar, felles ansvar mellom partnarane og meir effektiv leiing av alliansen. Det skal gjere det mogleg for EDUC å utvikle samarbeidet på ein endå meir strategisk og langsiktig måte.
EDUC får òg ein ny styringsstruktur. Universitetet i Potsdam held fram som koordinerande institusjon, men leiinga av alliansen skal i større grad gå på omgang. Gjennom eit roterande troikapresidentskap blir leiarskapen overført frå eitt medlemsuniversitet til eit anna kvart halvår. Modellen speglar prinsipp frå EU og skal styrkje det felles ansvaret partnarane har for å forme framtida til EDUC.
Ansvarleg digital utdanning og sterkare europeiske nettverk
Samarbeid innan bachelor-, master- og ph.d.-utdanning, i tillegg til intensive kortprogram og sommarskular, vil framleis vere ein sentral del av arbeidet i alliansen.
Samtidig skal EDUC styrkje samarbeidet med regionale miljø og samfunnsaktørar. Tiltak som Youth Integration Lab, TESE Days for ph.d.-kandidatar og utfordringsbasert læring skal vidareutviklast. Slik kan forsking, innovasjon og samfunnsengasjement koplast endå tettare saman.
Dei siste åra har EDUC bygd opp ein solid digital infrastruktur som no fungerer godt for alliansen. I den neste fasen blir det viktigare å ta vare på, vidareutvikle og bruke dei digitale verktøya som allereie er utvikla, heller enn å byggje heilt nye system. Berekraft og digital suverenitet blir sentrale omsyn i dette arbeidet.
Styrkjer fellesskapet i europeisk høgare utdanning
European Digital UniverCity samlar universitet frå Tyskland, Frankrike, Italia, Spania, Tsjekkia, Ungarn og Noreg, i tillegg til to assosierte partnaruniversitet i Storbritannia og Ukraina. Alliansen har òg eit breitt nettverk av assosierte partnarar i byane og regionane der universiteta held til.
Saman arbeider dei for eit europeisk utdanningsområde der studentar, forskarar, undervisarar og tilsette kan lære, undervise, forske og samarbeide på tvers av landegrenser på ein enklare og meir samanhengande måte.
Med den nye finansieringa kan EDUC halde fram med å utvikle denne visjonen. Målet er å gjere internasjonalt samarbeid meir tilgjengeleg, meir inkluderande og relevant for endå fleire studentar og tilsette.
Samtidig skal EDUC halde fram med å styrkje samanhengen mellom utdanning, forsking, innovasjon og samfunnsengasjement i Europa.
