Oppstart for næringslivsprosjektet COM3

OPPSTART: Det interregionale EU-prosjektet COM3, hvor USN er partner, er i gang fra november 2020. (Foto: Vinje kommune)
OPPSTART: Det interregionale EU-prosjektet COM3, hvor USN er partner, er i gang fra november 2020. (Foto: Vinje kommune)

Det er Vinje kommune, saman med USN, som har tatt initiativ til prosjektet. COM3 er eit interregionalt EU-prosjekt med deltakarar frå fleire land.

Måndag 2. november 2020 møttest 14 verksemder frå heile Vinje til oppstartsmøte i COM3-prosjektet.

Det er Vinje kommune, saman med Universitetet i Søraust-Noreg (USN), som har tatt initiativ til prosjektet. COM3 er eit interregionalt EU-prosjekt, med deltakarar frå landa i Nordsjø-regionen, det vil seie Danmark, Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Sverige og Noreg.

Næringsutvikling gjennom digitalisering

Det overordna målet med prosjektet er å sette kommunar, fylke og regionar i stand til å støtte det lokale næringslivet med å skaffe seg digital kompetanse.

– Kommunen ønskjer gjennom dette prosjektet å ta ei meir aktiv rolle som partnar og tilretteleggar for næringslivet. Alle dei små verksemdene våre er utruleg viktige for kommunen, og vi ønskjer å medverke til at dei kan drive godt og utvikle seg vidare, seier Anders Sandvik, assisterande rådmann og prosjektansvarleg i Vinje kommune.

Mange gode innspel frå verksemdene

Vinje kommune skal gjennomføre eit pilotprosjekt som del av hovudprosjektet. Kommunen er i ferd med å knyte til seg ei gruppe interesserte verksemder som vil ta del i piloten. På oppstartsmøtet fekk dei frammøtte verksemdene informasjon om prosjektet, før dei sjølve medverka med nyttige innspel om utfordringane dei har i kvardagen.

– Første steg er å bli betre kjent med det lokale næringslivet og kartlegge kva for utfordringar og behov verksemdene har. Dette første møtet var veldig nyttig og gir oss eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet, seier Kyrre Hegg, prosjektleiar i Vinje kommune.

PhD-student som prosjektleiar

Vinje kommune er ansvarleg for prosjektet, medan Universitetet i Sørøst-Norge er ein kunnskapspartner.

Eit av hovedbidraga er ei PhD-stilling som prosjektleiar hos Vinje kommune. USN har òg bidrege til utviklinga av ei undersøking som vart gjennomført hos lokale bedrifter i Vinje. Undersøkinga kartla utbreiinga og bruken av digitale verktøy. 

 USN bidreg mellom anna òg ved å spreie informasjon gjennom eigne kanalar, og inn mot andre prosjektgrupper på universitetet.

– USN deltek som kunnskapspartner i COM3 og deltek aktivt i kunnskaps- og plattformbygginga, medan Vinje er piloten der arbeidet skjer. Vi vil vere ein støttespelar og hjelpe Vinje til å lykkes med å nå prosjektmålet, seier Anh Nguyen Duc, som er førsteamanuensis ved USN Handelshøyskolen i Bø og ansvarleg for prosjektet frå universitetet si side. 

Mange ressursar å spele på

Etter at prosjektleiinga har skaffa seg tilstrekkeleg kunnskap om viktige behov og utfordringar, er neste steg å jobbe fram moglege løysingar.

– Det er for tidleg å seie noko om konkrete løysingar, men vi ser for oss at kommunen og dei lokale verksemdene kan samarbeide om å løyse mange typar oppgåver og utfordringar, seier Hegg.

Heilt sikkert er det at kommunen og verksemdene gjennom prosjektet får tilgang til kompetanse og ressursar. I Noreg er både USN og fylkeskommunen tett involvert i prosjektet, og mange andre aktørar har vist interesse. Sist, men ikkje minst, gir prosjektet tilgang til nye partnarar og kontaktar i landa rundt Nordsjøen.

LES OGSÅ: Oversikt over EU-prosjekter ved USN

Artikkelen er opphavleg skreve av Vinje kommune, med nokre tillegg frå USN.

Interreg North Sea Region Program COM3 prosjekt

Partnere frå VTFK: Vinje kommune og Universitetet i Sørøst-Norge.

Digital omstilling hos lokale SMB’ar (Små og mellomstore bedrifter) er viktig for å auke bostads-, arbeids- og investeringsattraktiviteten i distrikta. Om bedriftene er med på den digitale omstillingen kan attraktiviteten i distriktane auke. Lokale og regionale myndigheiter har ei viktig rolle i dette arbeidet. Dei trenger dei riktige verktøya og den rette kompetansen for å støtte den digitale omstillinga hos SMBane.

COM³-partnarane jobber med å utvikle ein modell som skal styrke lokale og regionale aktørar i deira rolle som fasilitator i det digitale arbeidet i distrikta. COM³ ønsker å hjelpe lokale myndigheiter med å legge til rette for at bedriftane er rusta for teknologisk utvikling. Dette må skje ved å utnytte lokale fortrinn og å tenke smart vekst.

COM³-prosjektet har fått med seg ni pilotregionar, fordelt mellom alle landa i Nordsjøregionen. Dei skal teste løysingane som er utvikla gjennom prosjektet, i reelle situasjonar i sine regionar.