– Det kan koma langt verre pandemiar

Kvinneleg helsearbeidar tar koronaprøve i nasen til ein mann.  Foto: iStock/zoranm
(Illustrasjonsfoto: iStock/zoranm)

Stort engasjement og mange spørsmål då historieprofessor Ole Georg Moseng og ekspert på Spanskesjuken Svenn-Erik Mamelund inviterte til open førelesing på Zoom.

Mamelund er Forskar 1 ved OsloMet. I 25 år har han studert epidemiske sjukdommar sin demografi, med særleg fokus på influensapandemien Spanskesjuken i 1918-20.

Både han og Moseng har vore i media den siste tida, for å snakke om korleis tidlegare pestar og pandemiar råka oss, og kva vi kan lære av dei.

Det burde ikkje koma som ei overrasking at vi blei råka av ein pandemi nå, meiner Mamelund. Det har vore varsla lenge. I førelesinga hadde han ein tydeleg bodskap til dei mange digitale tilhøyrarane.

Det tidlegere tiders pandemiar som Spanskesjuken burde ha lært oss, er:

1. Dei kjem, med høg grad av visse, og det kan koma nye med mykje høgare dødelegheit enn Covid-19.

2. Mange i den vestlege, rike delen av verda har tenkt at det ikkje kan skje her. Vi har trudd at vi er kvitt slike infeksjonssjukdommar, at dei høyrer historia til og at dei berre rammar menneske i fattige land. Det stemmer ikkje. Vi kan få det igjen, og det kan bli verre. 

Epidemiane si verdshistorie

Onsdag 26. august skulle historiestudentane på USN ha førelesing i emnet «Epidemiane si verdshistorie». Mange førelesingar vert nå haldne digitalt, nett på grunn av pandemien, og denne gongen valde  professor Ole Georg Moseng å gå ut med ein open invitasjon til alle interesserte.

Professor Ole Georg Moseng  - foto frå heimekontoret under førelesing

Sjølv la han vekt på korleis styresmaktene ikkje tok same grep under Spanskesjuken som nå, sjølv om det fanst norske lovar som ein kunne ha nytta, mellom anna Tuberkuloseloven. 

– Men den fekk også mykje kritikk frå liberalistisk innstilte stortingsmenn, og kanskje var det ein medverkande årsak til at den ikkje blei bruka. Vi ser jo same slags motstand i dag, mellom anna i delstatar i USA. Smitteforståing er heller ikkje noko nytt i 1918. Heilt sidan antikken har vi menneske skjøna korleis smitte spreier seg: gjennom huda, gjennom lufta eller på andre måtar, sa Moseng. 

Inngripande tiltak er det nye

Svenn-Erik Mamelund sa at korona-pandemien ikkje er spesielt ille, om ein ser på førebelse sjukdomstal og dødstal og samanliknar med tidlegare pandemiar.

– Det som derimot særleg skil Covid-19 frå andre pandemiar, er dei inngripande tiltaka som har blitt sette i verk av styresmaktene i Noreg og andre land. Det vi gjerne omtalar som nedstenginga av samfunnet. Under Spanskesjuken mangla slike tiltak.

Han utdjupa eit argument som han også har framført i media: Korleis styresmaktene primært har fokusert på medisinsk førebygging, og vore lite opptatte av andre tilhøve.

Pandemiberedskap - meir enn medisinsk forebygging

– Det beste dei kunne ha gjort for å bu seg mot Covid19, var å redusere forskjellane i helse og velstand. Dei områda og landa som hadde den høgaste dødelegheita i 1918, hadde stor sosial ulikskap. Slik er det til dømes i Chicago i dag.

Korkje Spanskesjuken eller Covid-19 er sosialt nøytrale, meinte Mamelund. Når Madonna ligg i eit badekar og snakkar om Covid-19 som «The great equalizer», så stemmer ikkje det, og det stemte heller ikkje for Spanskesjuken, sa han.

Svenn-Erik Mamelund - skjermdump

– Pandemiberedskapen er så utruleg opptatt av medisinsk førebygging, men bryr seg i veldig liten grad om yrket ditt, kor trongt du bur og om du må ta offentleg transport. Det er ikkje bare medisinske forhold som gjer folk sårbare. Dette må vi tenke på i framtida, sa Mamelund. 

Tema for masteroppgåver

Førelesinga vara i nesten halvannan time. Rundt femti tilhøyrarar var med heile tida, og på chatten rann det inn med spørsmål og synsmåtar rundt både Spanskesjuken og Covid-19. Undervegs lanserte dei to førelesarane fleire forskingsspørsmål som det ikkje er funne svar på, og som dei meinte kunne vera gode tema for masteroppgåver.

LES OGSÅ: Masterstudent med internasjonal cover-story om Spanskesjuken

I media

Svenn-Erik Mamelund er ein av dei fremste ekspertane i verda på Spanskesyken, er rådgivar for WHO og har vore verda rundt i media den siste tida og snakka om korleis erfaringane i fortida kan hjelpe oss med å kjempe mot globale pandemiar.

Høyr òg radiosendinga med professor Ole Georg Moseng "Pesten er rundt oss hele tiden" på NRK Radio Studio 2.