Heile verda på Rauland

<iframe width="560" height="315" src="https://www.youtube.com/embed/BZiu6Wud7f4" frameborder="0" allow="autoplay; encrypted-media" allowfullscreen></iframe>
Bertie Armstrong, Sophie Hetherington, Gus Holley, Will Riedlinger, Keilan Aplin-Siegel, Jon Doran, Erica Rodenberg og Flora Kofler vil lære norske tradisjonar og studerer difor på Rauland.

Rauland har prosentvis flest internasjonale studentar av studiestadane til Universitet i Søraust-Noreg. Mange av dei lærer seg norsk folkemusikk.


- Beautiful! Amazing!

Bertie Armstrong frå England og Sophie Hetherington frå Shetland er rause med adjektiva når dei skildrar korleis dei har opplevd den fyrste halve veka på studiestad Rauland. Desse to skal gå Norwegian Folk Music i eitt år. Der vil hovudkjeldene av musikk bli teke opp i eit breitt akademisk perspektiv. Musikkologi, kulturhistorie og sosiologi vil vera med på å skape ein integrert teoretisk base for læring.

 

Fele og banjo

Begge to er musikarar. Armstrong spelar banjo og Hetherington fele. Dei har studert ved Newcastle Universty i England. Dette er utvekslingsåret i bachelorgraden deira.

- Det er fint å vera i naturen, seier Armstrong.

Det er du verkeleg om studerer i Rauland. Det store vatnet Totak ligg eit steinkast frå universitetet og fjella kransar om på alle kantar. Likevel er det ikkje naturen som trekker 140 studentar i år. Det er tradisjonskunsten.

- Eg vaks opp med shetlandsk folkemusikk. Mange spela også skandinavisk folkemusikk på Shetland. Eg har lyst til å lære meir om norsk tradisjonsmusikk fordi Shetland og Noreg deler kystgrense, seier Hetherington.

Armstrong legg til at det er fint med eit lite universitet der alle kan bli kjent med alle. Han spelar tradisjonell amerikansk musikk på banjo.

- Nå vil eg lære meg norske folketonar eg kan spela på banjoen. I tillegg har eg lyst til å lære meg å spele hardingfele, seier engelskmannen.

 

- Internasjonale studentar bidreg

Keilan Aplin-Siegel frå Canada vil lære norsk folkemusikk og fekk anbefalt USN og studiestad Rauland av nokre vener. Ho spelar banjo og fele.

- Det er fint her. Eg held på å bli kjent med plassen, seier ho.

Saman med Gus Holley frå USA, Jon Doran frå England, Erica Rodenberg frå USA og Flora Kofler frå Austerrike håpar dei tre på mykje jamming og gode opplevingar på Rauland. Will Riedlinger frå USA har kome til Rauland for å studere tekstil. Han har lenge høyrt om studiestad Rauland. Han har vore både elev og lærarassistent ved Fosen folkehøgskule dei to siste åra, så han snakkar norsk. Nå vil han lære korleis det tradisjonelle tekstilarbeidet er. For han er det viktig å lære korleis ting blir gjort frå starten av for å ta det vidare i sitt arbeid.

- Internasjonale studentar bidreg med kulturen sin ved USN og samtidig har studiestad Rauland ein nasjonal eigenart me vil ta vare på. Raulandstudentane skil seg ut frå den gjennomsnittlege student. Dei er meir drivne av interesse. Dei skårar på lidenskapens kapital, seier rektor ved USN Petter Aasen.   

Utanlandske studentar med oppstart på USN hausten 2018 :

Bø: 164

Drammen: 128
Kongsberg: 94
Notodden: 85
Porsgrunn: 95
Rauland: 12
Ringerike: 60
Vestfold: 189

Sum: 827