Sjå opptaka frå TEDxUSN

Torgeir Straand held sin TED Talk.
I AKSJON: CEO Torgeir Straand frå Telemark Technologies var bland talarane på TEDxUSN.

Me heldt vårt fyrste TEDx-arrangement som ein del av ein «Countdown» til klimatoppmøtet i Glasgow 2021. Her finn du opptaka.


Fem USN-forskarar og tre inviterte gjester frå næringslivet sto på «talarlista» da me heldt vårt fyrste TEDx-arrangement nokonsinne.

TEDxUSN er ein del av det internasjonale initiativet «Countdown», der store aktørar som TED, YouTube, Future Stewards med fleire samarbeider for å la heile verda delta på ein idé-dugnad for å løfte moglege tilnærmingar og løysingar på klima- og naturkrisa.

Arrangementet var engelspråkleg, heildigitalt og blei sendt 11. november.

LES OGSÅ: På under tre døgn har 30.000 sett Knut Ivars TED Talk om økosorg

Førebels har seks av åtte TEDxUSN-talar funnet vegen ut på TED sin offisielle Youtube-kanal:

«The power of favourite garments – Well-fitting clothes are more often worn out», by sustainable fashion researcher + eco fashion designer + tailor + educator Veronika Glitsch (USN)



«A love story: Ecological love and sorrow», by social worker + writer + PhD-candidate Knut Ivar Bjørlykhaug (USN)


«Safe design of technology for hydrogen as a green energy carrier», by explosion researcher Knut Vågsæther (USN)


«Who cares? Entrepreneurship for a better world», by project manager + social entrepreneurship and collaborative social innovation researcher, Lars Ueland Kobro (USN)


«Creating the future we actually want to see – Biomimicry as part of the new paradigm», by mechanical engineer + co-founder of BiomimicryNorway and SquareRoot, Michel Wolfstirn (BiomimicryNorway)


«From black oil to green gas», by CEO Torgeir Straand (Telemark Technologies)


«How local egg collectors contribute to save sea turtles – climate change on the beaches of Guatemala», by biological conservation researcher, Stefanie Reinhardt (USN)

Kjem snart:

«Nature and the indoor generation», by founder of Biophilia Indoor Design and Skogluft + author Jørn Viumdal (BioOffice)

TED

TED er ein årleg, USA-amerikansk konferanse, kor gode og anerkjente foredragshaldarar presenterar sine idear, røynsle og forsking om ein rekke aktuelle tema.

TEDx

TEDx er uavhengig arrangerte TED-konferansar.

TED Global Countdown

TED Global Countdown er eit nytt konsept frå blant andre TED for å få i gang en global dialog om klimaløysingar frem mot klimatoppmøtet COP26 i Glasgow neste år.