I forslaget til statsbudsjett får Universitetet i Søraust-Noreg (USN) ei samla løyving på 2, 461 milliardar kroner. Det inneber ein auke på nær 108 millionar kroner og ein realoppgang på 4,6 prosent samanlikna med inneverande år.
– Dette gir oss eit godt utgangspunkt for å vidareutvikle USN som eit universitet tett på arbeids- og samfunnslivet, seier rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson.
Fleire studieplassar innan helse
USN er foreslått finansiering av nye studieplassar innan sjukepleie og jordmorutdanning, med 30 studieplassar i sjukepleie og 5 til jordmorutdanninga.
– Behovet for kvalifisert arbeidskraft innan helse- og velferdstenestene er stort. Dei nye studieplassane gir oss høve til å bidra ytterlegare til å møte dette behovet, seier rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson.
Dekan på fakultet for helse- og sosialvitskap stadfestar at dei 30 studieplassane i sjukepleie skal gå til å styrke tilbodet i Drammen.
– I Drammen utviklar vi eit tett samarbeid med det nye sjukehuset og med kommunale helsetenester, og med dei andre aktørane i området. Dette vil bidra til å redusera mangelen på sjukepleiarar i heile Buskerudregionen og leggja til rette for auka utdannings- og forskingskapasitet i helsetenestene til regionen, seier Cecilie Varsi.
Forslaget inneber samtidig endringar i finansieringa av tidlegare tildelte studieplassar, mellom anna utfasing av mellombelse studieplassar.
Det er positivt at det er løyvd samla 120 millionar kroner til tiltak for å auka kvalitet og rekruttering i ingeniørutdanningane i sektoren. Av denne potten får USN 13,6 millionar kroner.

15 millionar til kunnskapsutvikling av Fensfeltet
Regjeringa foreslår fleire forskingssatsingar som vil styrkja kunnskapsutviklinga på område som er viktige for Noreg. Fensfeltet er eit av desse, og regjeringa foreslår å løyva 15 millionar kroner til USN
– Det er svært gledelege nyheiter for USN. Dei 15 millionane gir oss høve til å styrke forskings- og utdanningskapasiteten knytt til berekraftig mineralutvinning og utvikling av Fensfeltet, seier Heidi Ormstad, viserektor for forsking.
Midlane skal mellom anna finansiera to ph.d-stillinger og to postdoktorstillingar, laboratorieutstyr, digitale verktøy for modellering og dessutan utvikling av nye utdanningstilbod.
– Dette gir oss eit heilt anna handlingsrom til å bygga eit sterkt og tverrfagleg kunnskapsmiljø rundt Fen, i tett samarbeid med Fensenteret, næringslivet og andre kunnskapsaktørar, seier Ormstad.
USN har over fleire år jobba for å vera ein viktig og nøytral kunnskapsaktør inn mot utviklinga av Fensfeltet og har i år innleidd eit samarbeid om forsking, innovasjon og utdanning knytt til kritiske mineral med Rare Earths Norway.
Positiv utvikling i studiepoeng – utfordringar med gjennomføring
USN får også ei positiv utteljing gjennom den resultatbaserte finansieringa. Samla gir studiepoengproduksjonen ein auke på om lag 23,3 millionar kroner, medan redusert utteljing for gjennomføring utgjer 6,9 millionar kroner.
– Resultata viser både at mykje fungerer godt, og at vi har område der vi må forbetra oss. Vi skal ha høg merksemd på at studentane lykkast med å fullføra utdanningane sine, samtidig som vi skal vidareutvikla kvaliteten og relevansen i studietilboda, seier rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson.
Handlingsrom og ny utviklingsavtale
Forslaget til statsbudsjett inneber også at arbeidet med nye utviklingsavtalar mellom Kunnskapsdepartementet og universiteta får ein sentral plass i styringsdialogen for perioden 2027–2030.
– For USN blir det viktig å ta i bruk handlingsrommet vi har til å prioritera tydeleg. Vi skal vera eit universitet som leverer relevant kompetanse, forsking og kunnskap til heile regionen – og samtidig utvikla oss som eit sterkt og attraktivt universitet, seier rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson.
Forslaget til statsbudsjett blir lagt fram 7. oktober. Statsbudsjettet blir behandla av Stortinget før endeleg løyving for 2027 blir fastsett.
