Spelemannspris-nominerte hardingfelespelar, forskar og pedagog, Laura Ellestad, er historisk.
«Kappleiks and House Parties»
31. mai forsvarar ho sin doktorgrad i oppføringspraksis ved Norges musikkhøgskole med prosjektet Kappleiks and House Parties: Norwegian Traditional Fiddle in Upper Midwestern Contexts, 1900-1970.
Prosjektet hennar undersøkar musikkulturen i norsk-amerikanske samfunn i det øvre Midtvesten i perioden 1900–1970 og skildrer korleis framføringsformer av dei to musikksjangrane bygdedansmusikk og norsk-amerikansk old-time music bidrog til å skape mangfaldige norsk-amerikanske identitetar i ein periode med store endringar i USA.
Les meir: NMH | Første folkemusiker som disputerer ved NMH
«Valdresspel i Amerika»
Ellestad har bachelorgrad i tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet (2012) og mastergrad i utøving med fordjuping frå Norges musikkhøgskole (2014).
I 2014 kom ho med den første soloplata si, «Valdresspel i Amerika», som vart nominert både til Spelemannprisen og Folkelarmprisen.
Ho har vore tilsett som universitetslektor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på USN campus Rauland sidan 2018.
Laura Ellestad på Spotify: