Gjennom undervisning, praksis og forsking bidreg USN til å tenkje nytt om sosiale utfordringar – anten det handlar om utanforskap, folkehelse, klima eller berekraftig utvikling.
No skal vi får ekstra kraft til dette gjennom ESIC, eit Erasmus+ finansiert prosjekt som samlar universitet, forskingsmiljø og organisasjonar frå fleire europeiske land.
ESIC står for European Social Innovation Campus og er eit forskings- og utviklingsprosjektet der SESAM, USN sitt Senter for sosial entreprenørskap og samskapande innovasjon, er ein av partnerene.
Eit europeisk løft for sosial innovasjon
Målet for ESIC er å utvikle ei digital læringsplattform innan sosial innovasjon og sosialt entreprenørskap.
For å sikre at undervisning treffer behova i praksisfeltet, skal prosjektet utvikle eit verktøy som kontinuerleg kartlegg kva ferdigheiter sektoren faktisk etterspør, ein såkalla "Skills Monitor".
– For at utdanningane våre skal vere relevante og framtidsretta, må vi forstå kva kompetansar som blir etterspurde både i utdanning, arbeidsliv og samfunnsutvikling. ESIC-prosjektet gjer nettopp dette, ved å byggje bru mellom praksisfeltet og akademia på tvers av Europa, seier Hilde Svrljuga Sætre ved SESAM.
Ho nemner at døme på sosial innovasjon kan vere alt frå gateaviser som =Oslo som gir rusavhengieg eller bostedsløse inntekt og verdigheit, eller Grameen Banks sine nyskapande smålån til kvinner, som har hjelpt millionar ut av fattigdom.
Ber studenter, ansatte og praksisfelt om svar
– Innspela dine vil bidra direkte til korleis vi utviklar og oppdaterer læringsressursar både i Noreg og internasjonalt. Vi i SESAM skal sørgje for at norske stemmer blir høyrde i det europeiske datagrunnlaget. Vi ønskjer at så mange som mogleg i Noreg deltek – anten du er student, underviser eller jobbar med sosial innovasjon i praksis, seier Hilde Svrljuga Sætre.
Det er laga tre spørjeskjema til dei tre målgruppene. Du kan svare ved å bruke lenkje til dei tre undersøkingane her:
- Studentar
- Aktører i praksisfeltet – sosiale entreprenørar, innovatørar og organisasjonar
- Utdannere og undervisarar innan relevante fagfelt; alt frå helse- og naturvitskap til økonomi, jus og IT.
Relevans og nytteverdi for USN
– Prosjektet har stor strategisk betydning for Universitetet i Søraust-Noreg. Gjennom ESIC styrkjer USN sin posisjon som eit leiande norsk fagmiljø innan sosial innovasjon, samskaping og sosialt entreprenørskap. Dette er eit konkret døme på korleis internasjonalt samarbeid gir reell verdi tilbake til studentane og fagmiljøa våre. Vi får tilgang til europeisk kunnskap, metodar og erfaringar som vi kan bruke til å vidareutvikle utdanningane våre her ved USN, understrekar Hilde Svrljuga Sætre.
Ho legg og til at resultata frå prosjektet vil kunne brukast direkte i utviklinga av nye undervisningsopplegg, kurs og etter- og vidareutdanningstilbod ved USN.

