Tillit i skulen, tillit i barnevern og tillit mellom foreldre og barn. Det er berre nokre av tema som USN-forskarar sette søkjelyset på under dei nasjonale forskingsdagane i 2026. Tillit var hovudtema for dagane, men mange andre tema blei også belyste.
Kva skjedde på din campus?
Det var arrangement på fem av dei åtte campusane våre under forskingsdagane. Her kan du sjå kva som skjedde på din studiestad
Vestfold: Tillit i skulen
I Vestfold inviterte vi lærarar, foreldre og skuleleiarar til ein kveld om tillit mellom elevar, lærarar og foreldre. Matthias Øhra, Rakel Rhode Næss, Rønnaug Sørensen og Stein Laugerud var blant fleire USN-forskarar som i vår ga ut antologien “Tillit som ressurs. Studier av tillit i barnehage, skole og høyere utdanning”. Under forskningsdagane tok dei med kunnskapen sin ut til dei som kan ha nytte av han.
Porsgrunn: Tillit i barnevern, forskarhelg, forskarkafé og ingeniørdag
I Porsgrunn var det heile fem arrangement, fire av dei i USN-regi. Her kunne du ta med barna på Forskarhelg på DuVerden, eller få ny kunnskap om tillit i barnevern. Det siste svært aktuelt etter filmen Fjord. Her var det to arrangement på same dag. Dei med meir interesse for kjernekraft, usynleg kapital, oljefondet og algoritmar kunne ta turen til Forskarkafé på Kafe K.
Ingeniørdagen blir alltid arrangert under Forskingsdagane. Vi gratulerer alle involverte med 25-årsjubileum. Her har fleire tusen skuleelevar fått interesse for teknologi opp i gjennom åra.
I tillegg inviterte Porsgrunn bibliotek til eit foredrag om den norske tilliten er i ferd med å forsvinne.
Notodden: kunst og kultur
På Notodden inviterte USN kultur, Notodden kommune, Telemark fylke og Norsk industriarbeidarmuseum til ein kveld om tillit i ei uroleg tid og rolla til kultur i totalforsvaret vårt.
Under forskingsdagane var det også opning av kunstutstillinga “Tillit til kunsten”. Her kunne du sjå og høyre 20 kunstnarar frå forskargruppa kunstnarisk utviklingsarbeid, praksis og profesjon.
Bø: forskingsfestival, tillit og mistillit i kulturfeltet, fotball og natur- og energisti
I Bø blei forskingsfestival arrangert for andre året på rad: Om propaganda, tillit i skulen på torsdag, og om ungdoms forhold til dialektar, oppdrettsnæringa og forholdet mellom foreldre og barn før og no på laurdag.
Sløseriombodsmannen var ein av foredragshaldarane når USN, Telemarkforsking og Telemarkfestivalen inviterte til møte om Tillit i innan kultur: Tillit eller fallitt? Om tillit og mistillit i kulturfeltet.
O’Learys hadde lagt sitt kickoff for foredragsrekka Påfyll til Forskingsdagane. Hit kom USN-forskar Hans Hognestad.
Og som vanleg inviterte vi 7.-klassingar til natur- og energisti.
Kongsberg
På Kongsberg var det ikkje opne arrangement i år, men optikarmiljøet besøkjer Åsside vidaregåande skule og fortalde om syn, tillit og kommunikasjon.
Forskarturne – ei nyvinning
I 2026 reiste ni forskarar ut og fortalde om forskinga si til elevar ved ulike klassar på vidaregåande skular i regionen vår. Initiativet til dette kom på eit møte mellom dei strategiske forskingsområda våre. Turneen har fått 45000 i støtte frå forskingsrådet.
Thor Heyerdahl vidaregåande i Larvik, Åmot i Buskerud og Skien vidaregåande i Telemark var blant skulane som fekk besøk. Forsking som på eit eller anna vis kan knytast til beredskap vart valt ut i denne omgangen. Og sidan tillit til forsking også var eit tema under forskingsdagane, så sa forskarane også litt om kva metodar dei bruker for at vi skal kunne ha tillit til resultata.
Førsteamanuensis Eva Maria Støa underviser og forskar ved idrettsstudia i Bø. Ho er ein av forskarane som skulle på turné til vidaregåande skular. Elevar på Åmot, i Larvik og Bø fekk høyre Eva fortelje om helse- og treningsfysiologi og om korleis god fysisk helse er ein viktig samfunnsberedskap. Eva gledde seg til å møte vidaregåande elevar:
– Det er flott å kunne komme ut av kontoret og fortelje om forskinga si til ungdom som kan ha glede av den. Det er også fint å kunne fortelje potensielle studentar eit par ord om studiet eg underviser på.
LES MEIR: Forskingsdagane - eit regionalt samarbeidsprosjekt
