Bli med på Forskingsdagane – lær noko gøy eller nyttig

Professor Kjetil Klette-Bøhler møtte elevar frå Drammen VGs under Forskingsdagane 2024
MØTE: Professor Kjetil Klette-Bøhler møtte elevar frå Drammen VGs under Forskingsdagane 2024. (Foto: USN) Kopirett: USN

I år inviterer vi til arrangement på absolutt alle campusar under dei nasjonale Forskingsdagane. Arrangementa er gratis og opne for alle.

Under Forskingsdagane 17. til og med 28. september fortel forskarar om forskinga si til folk som har glede og nytte av ho. Universitetet i Sørøst-Norge (USN) inviterer til heile 18 arrangement. 

Frå kunst til arbeidshelse og flått

Du kan til dømes

  • bli med på kunst- og instrumentutstillingar, artist talk, musikk og foredrag om utvandring på Notodden og Rauland.
  • få tips om kva du kan gjere både i arbeid og fritid for å få ei god helse på campus Hønefoss.
  • lære om flått, litium-ion-batteri og kunstig intelligens i hyggeleg lag på Forskarkafé i Porsgrunn.
  • bli med på USN sine første forskingsfestivaldagar på Litteraturhuset i Bø
  • oppleve korleis godt syn skaper tryggleik under Researchers Night i Kongsberg

Sjå alle arrangement under Forskingsdagane her 

Imponert viserektor for forsking

Nær hundre USN-tilsette er involverte under Forskingsdagane. Det er Heidi Ormestad, viserektor for forsking, både glad for og stolt av: 

– Forskingsdagane er eit flott høve til å bli kjent med all den viktige forskinga vi gjer på USN, både for privatpersonar, næringsliv og forvalting. Forskinga skal bli presentert på ein måte slik at alle forstår ho.

USNs viserektor for forskning, Heidi Ormestad

 

Sjekk ut programmet – det er mange moglegheiter for å lære noko du kan ha nytte av eller synest det er gøy å vite noko om.

Vil skape forståing for forsking

Forskingsdagane har som mål å skape begeistring og forståing for forsking. Akademisk fridom, vitskapleg kvalitet og ytringsfridom er fundament for fri og uavhengig forsking, og også grunnsteinar i demokratiet vårt.

Under Forskingsdagane viser forskarane fram kva forskinga og resultata betyr for oss i vårt daglege liv og for at samfunnet vårt skal komme vidare på ulike område.

Hovudtema for Forskingsdagane i 2025 er tryggleik.