– Sigeren er ei stadfesting på at vi gjer noko bra, seier Tor Gunnar Nilsen, HR- og kommunikasjonsansvarleg i JETA SB som blei kåra til beste studentbedrift under Regionmeisterskap for Studentbedrifter i Bølgen Kulturhus i Larvik torsdag 15. mai.
Det betyr NM-deltaking i Oslo 11. juni for dei, og seks andre bedrifter som deltok i meisterskapet der 91 studentar i 27 studentbedrifter frå Vestfold og Telemark synte fram sine innovative prosjekt.
– Det er gøy å komme vidare til NM. Vi har jo lagt inn mykje tid i dette prosjektet. Nivået er høgt og det er mange flinke bedrifter som skal delta, seier Jonas Eiersland, styreleiar og berekraftansvarleg i bedrifta.
Under meisterskapet gjekk studentbedriftene gjennom fleire øvingar, som ein pitch på to minutt frå hovudscena for å overtyde juryen om forretningsidé, marknad og innteningspotensial. I tillegg var det panelintervju og stands kor bedriftene møtte jury og publikum.

Beskyttar mot helsefarleg svevestøv
Dei fire elektroingeniørstudentane i JETA held til på campus Porsgrunn, og har funne ei løysing på eit stort problem. Luftreinsaren deira vil hjelpe tunnelarbeidarar som dagleg vert utsett for støv og partiklar langt over lovleg nivå, noko som kan gje alvorlege sjukdommar.
Ideen til løysinga fekk økonomi- og marknadsansvarleg Espen Larsen medan han var inne i ein tunnel.
– Då var det det ein hjullastar som krasja i fjellet på grunn av dårleg sikt. Det starta med at vi skulle løyse dette problemet, men seinare blei det til å fjerne det helsefarlege med støvet, fortel han.
Studentbedrifta samarbeider med entreprenøren Metrostav Norge, som skal kjøpe dei to første luftreinsarane deira.
– No er planen å starte AS og få henta inn kapital til å utvikle eit fullskala produkt for vidare testing og optimalisering, fortel Eiersland
Full av lovord
I grunngjevinga av tildelinga av førsteplassen var juryen full av lovord om bedrifta, som også blei kåra til beste HR-bedrift og kom på andreplass i kategoriane berekraft og beste innovasjon.
– Studentbedrifta dekkjer eit stort behov i marknaden og har allereie stor interesse frå potensielle kundar. Vi ser høg betalingsvilje i marknaden, sosial berekraft og produktet førebyggjer helseplagar og reddar liv. Reint økonomisk ser juryen at produktet kan generere stor verdi for kundar. Planen er truverdig og ambisiøs og i tillegg er kontraktar inngått.
Fleire sterke prisvinnarar
JETA var ikkje åleine om å gjere det skarpt i meisterskapet.
Elbox SB dro heim med fleira prisar, mellom anna andreplass i beste studentbedrift og førsteplass i kategorien beste innovasjon. Dei tilbyr ei løysing som brukar elbilar som energikjelder på byggeplasser og sikrar trygg strømforsyning, tilpassa forbruk og ein berekraftig arbeidskvardag.
Tredjeplass i beste studentbedrift gjekk til Oyster Cleanup SB, som også tok fleire prisar, mellom anna førsteplassen innan berekraft. Dei vil gjere trusselen stillehavsøsters til ein verdifull ressurs. Ved hjelp av en undervannsdrone kan desse autonomt bli identifisert og hausta.