Endrar namn til campus Hønefoss

studenter poserer foran campus hønefoss. foto

USNs campus på Hønefoss skal ikkje lenger heite campus Ringerike.  

Ein av USNs åtte campusar ligg på Hønefoss. Her studerer om lag 1300 studentar økonomi, leiing, jus og IT på bachelor-, master- og ph.d.-nivå på USN Handelshøgskulen. Sidan Høgskulen i Buskerud vart ein del av USN, har dette studiestaden hatt namnet campus Ringerike.

Frå 1. januar blir det endra til campus Hønefoss.

– Det nye namnet gjer det straks tydeleg kor campusen er lokalisert. Det trur vi er ein fordel for komande studentar og for samarbeidspartnarar, seier rektor Pia Bing-Jonsson.

Namneendringa har samanheng med ein nyleg vedteken merkevarestrategi for Ringeriksregionen, der namnet «Ringeriksregionen» skal erstattast av «Hønefossregionen» som det bærande namnet for felles omdømme- og identitetsbygging. USN deltek i det regionale samarbeidet, og vedtaket om namneendring støttar opp om dette prosjektet.

Namneendringa gjeld frå 1. januar 2025. USNs nettsider og andre publikasjonar vil bli oppdaterte med det nye namnet mot slutten av 2024.