Feira universitetsskole nummer tre

Fire elever frå skriveverktstedet
UNIVERSITETSSKOLE: Elevane Natalia Jovanovic, Mathilde Stavseth, Petter Ingebretsen og Trym Bakk er ein del av universitetsavtala gjennom jobben som medhjelparar på skrivesenter ved Porsgrunn vidaregåande skole. Der jobbar dei med akademisk skriving.

Porsgrunn vidaregåande skole og USN har inngått universitetsskoleavtale. På markeringa blei det servert smakebitar frå eit samarbeid som allereie ber frukt.

– Det er jo fantastisk stas å bli ein universitetsskole, men den skal også fyllast med innhald. Vi er opptekne av livsmeistring for elevane, og skal derfor opne dørar og førebu dei på framtidig utdanning og yrkesliv. Denne avtalen styrkar dette arbeidet, seier rektor Kai Magne Bråthen på Porsgrunn vidaregåande skole (PVGS) – ein skole med sirka 1100 elevar.

Sjølve signeringa av avtalen mellom PVGS og Universitetet i Søraust-Noreg (USN) fann stad i juni, og partane gler seg over at det endeleg baud seg høve for å samlast for å feire. Elevar og lærarar, leiinga ved PVGS og USN møtte opp. Også ordførar Robin Kåss og representantar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune deltok for å markere samarbeidet.

– USN skal vere tett på arbeidslivet. Saman med PVGS skal vi bygge arbeidsfellesskap som bidreg til auka kunnskap og kompetanse i regionen vår, seier viserektor for ekstern samhandling ved USN, Kristian Bogen.

Tidlegare i år har USN signert universitetsskoleavtalar med Lier vgs og Notodden vgs, og det ligg føre konkrete planar om å inngå avtalar med Drammen vgs og Thor Heyerdahl vgs i Larvik.

LES OGSÅ: – Vi har eit overlappande samfunnsmandat - Universitetet i Sørøst-Norge (usn.no)

LÆRER BETRE SAMAN: Entreprenørskaps lærarane Ane Hobek Ose og Renate Rønningsland Myrland (PVGS), førstelektor Harald Hasleberg (USN) og elevane Aleksander Stormyr og Andrine Skoglund med programfag i entreprenørskap.

Elevar på universitetet

Det ferske samarbeidet ber allereie frukt. Og fleire prosjekt blei synt fram under markeringa.

Elevane Aleksander Stormyr og Andrine Skoglund tar programfag i entreprenørskap ved PVGS, og saman med medelevar har dei vore på universitetet denne hausten. Nokre elevar har også fått tilbakemelding på eiga ungdomsbedrift.

– At PVGS blir universitetsskole hjelper oss å utvikle nettverk, og vi får sjå teorien i praksis, seier Andrine Skoglund, som har fem timar med entreprenørskap i veka.

I mange år har USN regjert innan studentbedrift. USN – studentar har mellom anna tatt 11 internasjonale, 62 nasjonale og 102 regionale prisar i meisterskap for studentbedrift. – Det ligg derfor mykje kompetanse på entreprenørskap og studentbedrift i gangane på campus Porsgrunn, som PVGS kan nyte godt av, seier førstelektor Harald Hasleberg.

– Opptatt av dei som fell utanfor

Masterstudent i samfunn og helse, Thea Cecilie Tvedalen, er i gang med masteroppgåva si og skal skrive om elevane ved arbeids- og kvardagslivstreninga ved PVGS. Ho har fått særs god kontakt og nettverk allereie og håper oppgåva hennar kan bli nyttig.
 

Leiar på institutt for helse-, sosial- og velferdsfag, Hans A. Hauge, er oppglødd over samarbeidet.

– Denne avtale er ei «match made in heaven». Avtalar går bra når fagfolk finn kvarandre på tvers, og alle er engasjert i det same. På sosialutdanningane er vi opptatt av dei som sliter og fell utanfor samfunnet. Dei er ei viktig ressurs og må inkluderas i skole- og arbeidsliv, sier Hauge.

Instituttleiaren meiner Noreg har alle føresetnadar for å lykkast betre med inkludering, men samstundes eit stykke å gå.

– Nett som regionen tek sikte på å bli verdas første klimapositive industriregion med karbonfangst, bør Grenland også plassere seg på kartet når det gjeld arbeidsinkludering.

LES OGSÅ: Beste studentbedrift kan spare industrien for milliarder - Universitetet i Sørøst-Norge (usn.no)

MED PÅ MARKERINGA: Dekan Morten Melaaen (USN), dekan Pia Bing-Johnsson (USN), viserektor Kristian Bogen (USN), rektor Kai Magne Bråthen (PVGS), dekan Per –Ludvik Kjendlie (USN), opplæringsdirektør Helge Galdal (VTFK) og prosjektleiar Kristin Barstad (USN) deltok alle på markeringa.

Akademisk skriving og forskeroppgåve

I 2018 starta PVGS eit skrivesenter der målet er å styrke skrivedugleiken blant studentane og førebu dei på akademisk skriving. I dag er elleve elevar tilknytt senteret, der dei gjev medelevar språkleg rettleiing, både i klassane og ein-til-ein.

Skriving er eit felles interessefelt mellom partane, og skrivesenteret er eit av prosjekta som PVS skal satse vidare på gjennom samarbeidet med USN.

– Skrive- og lesedugleik og forståing av tekst er viktig kunnskap å ha med seg når ein startar på eit studium. I overgangen frå vidaregåande skole til høgare utdanning ser vi at skriving er ei utfordring, seier leiar på institutt for pedagogikk, Mette Bunting.

Saman med skrivesenteret skal instituttet hennar samarbeide om forskingsoppgåva som alle elevar på VG3 skal jobbe med. Forskingsoppgåva er bygd opp som ein liten bacheloroppgåve. Så langt har USN bidratt med seminar om tema kvalitativ forsking og forskingsetikk.

LES OGSÅ: Vestfold og Telemark fylkeskommune - Porsgrunn videregående skole blir universitetsskole (vtfk.no)

USN og PVGS skal samarbeide om:

  • forsking, utviklingsarbeid og innovasjon gjennom studentoppgåver
  • partnarskap i søknadar om tildeling av forskingsprosjekt
  • offentleg sektors ph.d.-ordning
  • profesjonsfagleg digitalt samarbeid
  • samarbeid og erfaringsutveksling gjennom kombinerte stillingar, hospitering, profesjonsfellesskap og desentralisert kompetanseutvikling
  • internasjonalisering
  • rettleiarutdanning
  • rekruttering til studiar