Horten Tech Festival: Over 30 bedrifter møtte engasjerte studentar

Horten Tech Expo: Martin Ullersmo og Marius Østreborge
TECH EXPO: – Det er spanande å vere her. Vi går siste året på studiet begge to, og det er på tide å selje seg inn, seier IT og leiing-student Marius Østreborge (til høgre). Alle foto: Thomas Vie Nordeide.

Yrande liv, innsiktsfulle debattar og møte mellom studentar og bedrifter prega Horten Tech Festival. Martin Ullersmo og Marius Østreborge var på plass for å utforske moglegheiter hos potensielle arbeidsgjevarar.

I midten av oktober var det duka for Horten Tech Festival, møteplassen der menneske, teknologi og idéar vert kopla på tvers av generasjonar og fagfelt. 

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er samarbeidspartnar og sponsor for festivalen, som har som mål å inspirere og motivere barn, ungdom og vaksne innan teknologi, innovasjon og industri.

Fekk vist fram kompetansen

For studentar og elevar frå 10. klasse og vidaregåande skule var høgdepunktet festivalens rekrutteringsmesse Tech Expo. Her knytte studentar kontakt med bedrifter som kanskje møtte morgondagens nøkkeltilsette.

IT og leiing-student Marius Østreborge (25) dukka opp saman med studiekompis Martin Ullersmo (23).

– Det er spanande å vere her. Vi går siste året på studiet begge to, og det er på tide å selje seg inn. Eg er interessert i å finne noko innan maritim sektor der eg kan jobbe med programmering, fortel Østreborge.

Gjennom dagen fekk studentane høve til å stille spørsmål, vise fram kompetansen sin og kanskje ta det første steget mot ein framtidig jobb.

Elektroingeniørstudentane Mats Hagen (23) og Sigmund Grindflek (23) var blant studentane som møtte bedriftene.

Horten Tech Expo: Elektroingeniørstudentane Mats Hagen (23) og Sigmund Grindflek (23)

– Vi er nysgjerrige på kva dei ulike bedriftene ser etter og ønskjer å få meir innsikt i kva som kan vere aktuelt for oss, seier Hagen. 

Over 30 bedrifter

Blant elevane som var til stades var Christina Bekken Robak (15) og Lotte Vermeulen Arnesen (15), som går på Holtan ungdomsskule i Horten. 

– Vi har mellom anna besøkt standane til EconNex og Forsvaret. Det er veldig gøy å vere her, seier Bekken Robak.

Bilde av elever som var til stede på Horten Tech Expo: Christina Bekken Robak (15) og Lotte Vermeulen Arnesen (15)

Over 30 bedrifter møtte opp på messa, og blant dei var Kongsberg Gruppen, representert av Elisabeth Salhus og Irene Hilsen.

– Vi er her for å rekruttere og inspirere. Vi har snakka med mange studentar, og det er spesielt mange som er ute etter sommarjobb, fortel Salhus.

Bilde av representanter fra Kongsberg Gruppen under  Horten Tech Expo: Elisabeth Salhus og Irene Hilsen.
 

Tech Talks

Festivalen arrangerte også konferansen Tech Talks, der ekspertar, leiande bedrifter, fagmiljø og teknologientusiastar samla seg i Huset på campus Vestfold. Det var ein dag fullpakka med foredrag, paneldebattar og nettverksmoglegheiter.

USN stilte med Arild Tjomsland, Thomas Øyvang og Thomas Brekke som ordstyrarar i paneldebattane. På agendaen sto cyber- og teknologisikkerheit, energisikkerheit for framtida og kompetansebygging for framtidas arbeidsmarknad.

Bilde av Thomas Brekke, Kari Norstad, Guro Rørvik og Atle Bjurstedt fra Horten Tech Talks

– Tech Talks gav oss fleire påminningar om kor sårbart samfunnet vi lever i er, og kor mykje vi har å vinne på samarbeid mellom akademia, næringsliv og det offentlege, seier samfunnskontakt for USN campus Vestfold, Mette Varegg.

Publikum fekk også miniforedrag frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet om skytenester og Sopra Steria om overvaking. Sunniva Rose, kjernefysikar og bloggar frå Norsk Kjernekraft, tok publikum med inn i den aktuelle debatten om kjernekrafta si plass i framtidas energimiks.

Festivalsjef Sara Ajzenhamer-Selnes, tidlegare student ved USN og dagleg leiar i Horten Tech Festival og Horten Næringsforum, seier festivalen er stolte av å ha USN som sponsor og samarbeidspartnar.

Bilde av Sara Ajzenhamer-Selnes, tidlegare student ved USN og dagleg leiar i Horten Tech Festival og Horten Næringsforum

– Det er viktig å linke næringslivet og akademia saman, og Horten Tech Festival er ein av måtane vi kan gjere dette på, seier ho.