Populært bodskap om kasting av klede

Veronika Glitsch poserer ved sidan av ein skreddardokke.
FORSKAR OG SKREDDAR: Veronika Glitsch i bukse frå sitt eiga økomotemerke Rethink, sydd i økologisk bomull frå Sonja's Textilateljé i Sverige. Genseren har ho strikka sjølv etter oppskrift. Foto: Ola Svensson

På nokre dagar har nærare 40.000 sett TEDx Talk-en til fyrsteamanuensis Veronika Glitsch, der ho fortel om korleis båe industrien og forbrukarane kan redusere den enorme kastinga av klede.

Fyrsteamanuensis Veronika Glitsch forskar på berekraftig mote og underviser på studiet design, redesign og saum av klede på institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Ho jobbar også som skreddar og har sitt eige økomotemerke: «Rethink».

Glitsch si viktigaste forsking er relatert til utfordringa med å redusere avhending av plagg. Det trengs. Kvart år blir det kasta tusenar av tonn med knapt slitte klede (24 kilo i året for den jamne nordmann).

Slår an

Glitsch sto på «talarlista» under TEDxUSN med sitt bidrag «The power of favourite garments». Opptaket av TEDx Talk-en hennar på YouTube er allereie blitt spelt av nærare 40.000 gongar.


Sjå fleire opptak frå TEDxUSN her

– Det er veldig gøy at so mange blei frista til å sjå kva moglegheitar som ligg i favorittklede. Tema rørar oss alle: vi tar alle på oss klede kvar einaste dag.

Ho vonar enda fleire blir nyfikne på tema hennar og får lyst til å engasjere seg med sine eigne val av klede.

– Forbrukarmakta er stor når det gjeld å påverke tilbodet av klede og om dei blir produsert miljøvennleg og berekraftig, seier ho.

Det handlar om passform

– Klede av i dag blir vanlegvis sydd etter standardmål, noko som gjer ein passform som ikkje er representative for målgruppene til selskapa i kledeindustrien. Dette gjer at mange ofte ikkje finn klede som er høveleg deira kroppsform, fortel Glitsch.

Ho legg til:

– Favorittklede blir derimot brukt til dei er utslitne, og vi liker korleis dei passer kroppane våre.

Difor har forskninga til Glitsch konsentrert seg om passform og korleis kledeindustrien i større grad kan ta omsyn til dette i arbeidsprosessen sin.

Forslaget hennar er å innføre eit tilleggstrinn i produksjonen, kor snittmønsterdelane til ein prototype på eit plagg blir gradert individuelt frå storleik til storleik og dessutan tilpassa ulike kroppsformar. Ho kallar metoden «The fit-step».

Sjå også Veronika Glitsch sin PechaKucha-presentasjon: «Viss alle kleda i skapet var favorittplagg»

Utøvande og akademisk kunnskap

Tidligare forsking har påpekt behovet for endringar i storleik-systema og graderinga av grunnformar. Eit spesifikt bidrag frå forskinga til Glitsch er at ho synar kor viktig det er å nytte sjølve designet og sømlinjane til ein prototype under tilpassinga til ulike kroppsformar og proporsjonar for å oppnå god passform.

Avhandlinga hennar har tittelen Fit step in ready-to-wear clothing – Towards a reduction of garment disposal in view of sustainability. Forskingsproblemet for avhandlinga er «Korfor blir klær kasta innan dei er slitne ut?»

•    samandrag av avhandlinga
•    heile avhandlinga (USN open archive)

–  Veronika Glitsch sitt arbeid er høgrelevant for det vi jobbar med til dagleg her på studiestad Rauland. Vi er vande til å kombinere utøvande og akademisk kunnskap. Slikt er veldig utviklande, fordi det hjelper oss til å forstå meir av det vi driv med, seier Stian Roland, leiar av institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på USN.

TED

TED er ein årleg konferanse i USA, kor gode og anerkjente foredragshaldarar presenterar sine idear, røynsle og forsking om ein rekke aktuelle tema.

TEDx

TEDx er uavhengig arrangerte TED-konferansar.

TED Global Countdown

TED Global Countdown er eit nytt konsept frå blant andre TED for å få i gang en global dialog om klimaløysingar frem mot klimatoppmøtet COP26 i Glasgow neste år.