– The meaning of «Friluftsliv»

smilende kvinnelig student i naturen. foto
I SKAUEN: Barnehagelærerstudent Raphaela Overpacher fra Østerrike på tur med USN. Skjermdump fra NRK

Barnehagelærarstudent Raphaela Overpacher drog frå Austerrike til campus Vestfold for å læra om friluftslivspedagogikk (Outdoor Education). 

Verda ser til Noreg og korleis vi lukkast med å ta i bruk nærmiljøet til skolar og barnehagar i opplæringa. Fleire lærer- og barnehagelærarstudentar reiser langt for å vitje vår campus Vestfold som ein del av studiane sine.

Fra januar til juni 2022 hadde vi 16 friluftspedagogikk-studentar frå Liechtenstein, Spania, Sveits, Tyskland og Østerrike på utvekslingsopphald hjå oss. Som ein del av tida deira i Noreg, blei dei med biolog og ph.d-stipendiat, Rune Aae, inn i skauen for å lære om Friluftslivspedagogikk og erfaringsbasert læring i skolar og barnehagar, som er blant emna på grunnskole- og barnehagelærar-utdanninga vår. 

Sjå korleis det gjekk føre seg

Rett ut i naturen 

Undervisinga i friluftspedagogikk skjer mellom anna utandørs, til dømes i naturreservatet Adalstjern (statsforvalteren.no), som praktisk talt er næraste nabo til campus Vestfold. Her kan du trå rett ut i det frå parkeringsplassen på baksida.

– Eg er 100 prosent overtydd om at når studentane får kontakt med det dei faktisk undervisar om, så skjønner dei meir og forstår meir og har ein større glede av å undervise i det dei faktisk bevegar seg i til dagleg, altså naturen, seier Aae.

Ein betre undervisar

– Eg vonar dette vil føre til at eg tar i bruk uteområde for å bli ein betre underviser, seier barnehagelærarstudent Rene Ulrichs frå Austerrike til NRK, på veg ut i skauen.

Når NRKs journalist Magnus Skatvedt Iversen spør kva Ulrichs medstudent Raphaela Overpacher vil ta med seg heim frå opphaldet ved USN, så svarar ho, på sjarmerande vis:

– The meaning of «Friluftsliv». Yeah, that’s basically it.

Interkulturelt 

– Som barnehagelærarstudent vil utanlandserfaringer gje internasjonale og komparative perspektiv på eiga utdanning og barnehagelærarprofesjon. Utveksling bidrar óg til ein auka interkulturell kompetanse som kan gjere den framtidige profesjonsøvinga til studentane rikare. Deira møte med mangfald blant barn, foresatte og medarbeidarar i barnehagefeltet er óg høgst verdifulle, seier visedekan for barnehagelærarutdanninga ved USN, Kristine D. Wolf

Wolf leier òg det EU-støtta prosjektet Utover grenser og bygge broer i barnehagelærerutdanningen.

Prosjektet legg til rette for gode strukturelle høve for utanlandserfaringer. Gjennom internasjonalt samarbeid får barnehagelærar-studentane og -undervisarane høve til å bygge internasjonal profesjonskompetanse som bidrar til styrking av kulturell og sosial berekraft i barnehagefeltet. 

Perspektivdeling

Friluftslivspedagogikk/Outdoor Education er eit fagfelt det blir forska på i fleire delar av Europa, mellom anna hos samarbeidspartnarane våre i Italia. 

– I samarbeid med dei italienske kollegaene våre kan vi saman dele ulike faglege perspektiv om friluftsliv og lære av kvarandre, seier Wolf.